«Long Live Love» var den britiske songen i Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Han vart sungen av Olivia Newton-John på engelsk.

Songen er skriven av Valerie Avon og Harold Spiro, som hadde arbeidd i lag som låtskrivarar for Belwin Mills Publishing sidan 1970. «Long Live Love» var den tredje songen Avon og Spriro hadde skrive for den britiske Eurovision-finalen.

Sidan 1964 hadde norma i A Song For Europe vore at alle nominerte songar vart framført av ein enkelt artist som vart vald ut av BBC-TV og Olivia Newton-John vart songaren dette året. Songen enda på delt 4. plass i finalen.

Newton-John spelte inn både denne songen og dei andre songane ho hadde sunge i den britiske finalen for albumet Long Live Love som kom ut i desember 1974. I Storbritannia gjekk singelen inn på singellista og nådde 11. plass der, og 9. plass i Irland. Songen nådde òg 11. plass i heimlandet Australia.

Lister Liste (1974)PlasseringAustralian ARIA Singles Chart11Ireland Top Singles Chart9UK Singles Chart11

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Long Live Love (song)» frå , den 26. august 2014. oppgav desse kjeldene: Diggiloo net Ewbank, Tim (2008). Olivia: the biography of Olivia Newton-John. London: Piatkus. p. 97-100. ISBN 978-0-7499-0984-0

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Eurovision Song Contest 1974-songar Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Olivia Newton-John-songar Kategori:Songar skriven av Harold Spiro