Karin Balzer () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg. Ho vart olympisk meister på 80 meter hekk i 1964, og vann tre strake EM-gull på same korthekken i tida 1966-71. Balzer tevla for Aust-Tyskland.

Aktiv Balzer deltok for det alltyske laget under sommar-OL 1960 i Roma, men vart slått ut på spesialdistansen 80 m hekk. I 1962 tok ho sølvmedaljen på same distansen under friidretts-EM i Beograd.

Balzer opplevde sin fyrste store triumf då ho vann korthekken under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964. I 1966 sikra ho seg i Budapest den fyrste av tre EM-titlar i hekkeløp, seinare vann ho i Aten i 1969 og i Helsingfors 1971, då korthekkøvinga var forlenga til 100 meter hekk. Meisterskapen i Helsingfors gav henne også ein sølvmedalje på 4x100 m staftt med det austtyske laget. Innimellom EM-triumfane vann ho korthekken under Europacupen for lag både i 1967 og 1970.

Under sommar-OL 1972 i München avslutta Balzer si lange karriere med ein bronsemedalje på 100 m hekk.

I åra 1962-72 vann Balzer 12 gullmedaljar i austtyske meisterskap, flest på korthekken, men også i femkamp, lengdehopp og på 200 m.

Sonen Falk Balzer tevla på høgt internasjonal nivå på 110 m hekk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karin Balzer» frå , den 26. august 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Folk frå Magdeburg