Galina Petrovna Bystrova () var ein sovjetisk friidrettsutøvar. Ho vart europameister i femkamp i 1958 og 1962, i 1958 vart ho europameister også i 80 meter hekkeløp.
Aktiv Bystrova deltok i 80 m hekk under sommar-OL 1956 i Melbourne. Der enda ho på fjerdeplassen, på same tida som bronsevinnaren. Ho vann så gullmedaljen i femkamp i friidretts-EM 1958 i Stockholm. Dagen etter femkampen vart avslutta, vann ho 80 m hekk på tida 10,9 sekundar, nøyaktig same tid fekk toaren Zenta Kopp frå Vest-Tyskland. To år seinare rauk Bystrova ut av hekketevlinga i semifinalane under dei olympiske leikane i Roma.
Bystrova forsvarte EM-tittelen i femkamp under meisterskapen i Beograd i 1962. Ho vart så nummer seks i 80 m hekk i same EM. I 1964 vann ho si einaste OL-medalje, ein bronse, då ho i femkamp måtte sjå seg slått av landslagskollegaen Irina Press og britiske Mary Rand.
På nasjonalt nivå heldt Bystrova fram å tevle til 1968.
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Galina Petrowna Bystrowa» frå , den 27. august 2014.
Wolrd Athletics
Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Sovjetiske mangekjemparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964