Larry Carlton () er ein amerikansk jazz-, smoothjazz-, jazzfusion-, blues-, pop- og rockegitarist. Han har delt karrieren sin mellom soloinnspelingar og studioarbeid for mange kjende band og artistar. I løpet av karrieren har Carlton vunne fire Grammyprisar, mellom anna for kjenningsmelodien for fjernsynsserien Hill Street Blues (1981).

Biografi I 1970- og tidleg i 1980-pra var Carlton studiomusikar i Los Angeles, og spelte på opp til fem hundre innspelingar i året, inkludert album av Steely Dan, Joni Mitchell, Billy Joel, Michael Jackson, Quincy Jones, The Four Tops, Christopher Cross, Barbra Streisand, the Partridge Family og Charly García. Gitaren hans på Steely Dan sin «Kid Charlemagne» frå albumet The Royal Scam i 1976 vart av Rolling Stone kåra til den tredje beste gitarsoloen gjennom tidene. Frå 1971 til 1977 spelte han med jazzrockgruppa The Crusaders. I 1977 signerte han ein avtale med Warner Bros. Records. Albumet Larry Carlton kom ut i 1978. I 1979 spelte han gitar på Michael Jackson sitt Off the Wall. og på Paulinho Da Costa sitt Happy People. Carlton spelte inn seks album frå 1978 til 1984. I 1979 spelte Carlton på det Grammyvinnande debutalbumet til Christopher Cross. Gitaristen Eric Johnson spelte på det same albumet.

I 1985 fekk Carlton kontrakt med MCA Master Series for det akustiske jazzalbumet Alone / But Never Alone. I 1988, medan han arbeidde på det elektriske albumet On Solid Ground, som kom i 1989, vart Carlton eit tilfeldig valdsoffer då han vart skoten i halsen utafor Room 335, det private studioet hans i Sør-California. Kula øydela stemmebanda hans og ei nerve. Carlton kom seg likevel raskt att og gjorde ferdig albumet.

Frå 1994 til 1997 spelte Carlton på fleire turnear, mellom anna med Toto-gitaristen Steve Lukather, og gav ut fleire album utover 90-åra og 2000-åra.

Diskografi

Album Singing / Playing 1973 Blue Thumb Larry Carlton 1978 Warner Bros. Records Mr. 335 Live in Japan 1979 Warner Bros. Records (Japan) Strikes Twice 1980 Warner Bros. Records Sleepwalk 1981 Warner Bros. Records Eight Times Up 1983 Warner Bros. Records Friends 1983 MCA Last Nite 1986 MCA Alone / But Never Alone 1986 MCA Discovery 1987 MCA On Solid Ground 1989 MCA Christmas at My House 1989 MCA Collection 1990 GRP Kid Gloves 1992 GRP Renegade Gentleman 1993 GRP Larry & Lee 1995 GRP The Gift 1996 GRP Collection Vol.2 1997 GRP Fingerprints 2000 Warner Bros. Records No Substitutions: Live in Osaka 2001 Favored Nations Deep Into It 2001 Warner Bros. Records Sapphire Blue 2003 Arista Bluebird The Very Best of Larry Carlton 2005 GRP Fire Wire 2006 Arista Bluebird Larry Carlton with Robben Ford Live in Tokyo 2007 335 Records Greatest Hits Rerecorded, Volume One 2008 335 Records Take Your Pick (med Tak Matsumoto) 2010 335 (US), Vermillion (JP) Larry Carlton Plays The Sound Of Philadelphia 2011 335 Records Four Hands and a Heart Volume One 2012 335 Records Larry Carlton & Robben Ford Unplugged 2013 335 Records

Filmmusikk Against All Odds 1984 Virgin Records (with Michel Colombier) Magnum, p.i. television theme (with Mike Post) Hill Street Blues television soundspor (with Mike Post)

Som studiomusikar (lite utval) Med Lalo Schifrin Enter the Dragon (Warner Bros., 1973) Med Paulinho Da Costa Happy People (Pablo Records, 1979)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Larry Carlton» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Larry Carlton Larry Carlton

Kategori:USA-amerikanske bluesartistar Kategori:USA-amerikanske jazzgitaristar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Steely Dan-medlemmar Kategori:Musikarar frå California