Michael William Deasy () er ein amerikansk er ein rocke- og jazzgitarist. Som studiomusikar har Deasy spelt på mange hitsinglar og album spelt inn i Los Angeles frå 1960- til 1980-åra. Han vert stundom omtalt som Mike Deasy Sr..
Biografi Medan han enno var på vidaregåande skule byrja han å spele i banda som akkompagnerte vitjande musikarar som Ricky Nelson og The Everly Brothers, og spelte òg i turnébandet til Ritchie Valens i lag med Bruce Johnston, Larry Knechtel, Sandy Nelson og Jim Horn. I 1959 vart han med i gruppa til Eddie Cochran, the Kelly Four, der han spelte både gitar og barytonsaksofon og gjorde dei første innspelingane sine.Mike Deasy at Musicians Hall of Fame . Henta 28. august 2014 Rob Whitehurst, Mike Deasy – Rock and Roll, at MikeDeasy.com . Henta 28. august 2014 Bobby Cochran, Three Steps to Heaven: The Eddie Cochran Story, Hal Leonard Corporation, 2003 Han spelte òg med The Coasters og Duane Eddy.
Då Cochran døydde i 1960 vart Deasy ein aktiv studiomusikar i Los Angeles. Dawn Eden, The Mike Deasy Story: 2001 interview, 29 June 2006. Henta 28. august 2014 Deasy gifta seg med systera til Jim Horn, Kathie i 1961, og paret starta seinare sitt eige platestudio og produksjonsselskap, Saltmine Recording. Han spelte som medlem av The Wrecking Crew med Hal Blaine, Joe Osborn, Larry Knechtel og andre, på innspelingar for Phil Spector, og spelte gitar på The Beach Boys-albumet Pet Sounds. I 1960-åra og i seinare år arbeidde han òg for the Monkees, the Association, Scott McKenzie, Johnny Rivers, the Fifth Dimension, Rick Nelson, Randy Newman, Spanky & Our Gang, Tommy Roe, Fats Domino, The Byrds, Michael Jackson, Frank Zappa og andre.Biography by Bruce Eder at Allmusic.com. Henta 28. august 2014
Han spelte gitar (med Tommy Tedesco og Al Casey) på Elvis Presley sin TV-spesial i 1968, Elvis. Han heldt òg konsertar med musikarar som Cannonball Adderley og Little Richard, og vann magasinet Down Beat si lesarundersøking i 1968. I 1969 vart han av plateprodusenten Terry Melcher invitert til å spele med den nyoppdaga songaren og låtskrivaren Charles Manson. Jeff Guinn, Manson: The Life and Times of Charles Manson, Simon and Schuster, 2013, p.222 Deasy forlét heimen til Manson etter tre dagar «i ein tilstand av doppåverka paranoia».
Deasy heldt fram å spele for leiande musikarar, som Frank Sinatra, Ella Fitzgerald, Barbra Streisand, Chet Baker og Mel Tormé. Gitaren hans er med i musikken til fleire filmar som The Graduate, Guess Who's Coming to Dinner, Duel, Bullitt og Dirty Harry, og mange reklamefilmar.Michael Deasy at IMDb. Henta 28. august 2014
Frå tidleg i 1970-åra vart Deasy nykristen og spelte i aukande grad kristen musikk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Diskografi på MikeDeasy.com
Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske jazzgitaristar Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Musikarar frå Los Angeles Kategori:Sitaristar Kategori:The Wrecking Crew-medlemmar