«Just the Way You Are» er ein song av Billy Joel og det tredje sporet frå albumet The Stranger frå 1977. Det var den første singelen til Joel som nådde topp 10 på singellista i USA med ein tredjeplass. Songen gjekk òg inn på topp 20 i Storbritannia og vart den første singelen hans som selde til gullplate i USA. «Just the Way You Are», som vann Grammyprisen i 1979 for årets plate og årets song, vart eit vendepunkt i karrieren til Joel. «Just The Way You Are» låg inne på topp 10 i USA i 27 veker, like lenge som den siste topp 10-singelen hans, «The River of Dreams» gjorde.
Bakgrunn I eit intervju på Howard Stern Radio Show den 16. november 2010, avslørte Joel at inspirasjonen for melodien (meir spesifikt namnet på songen og korleis det høyrtes ut i refrenget) var henta direkte frå den siste linja i Frankie Valli and the Four Seasons-songen «Rag Doll;» som òg vart inspirasjon for ein seinare Joel-song, «Uptown Girl». Billy Joel interview on The Howard Stern Show (11/16/10) Songen, som Joel hadde skrive for den første kona si, Elizabeth Weber, vart ikkje likt av verken Joel eller bandet hans, og Joel hadde opphavleg valt å ikkje ha han med på albumet. Joel har fortalt at både Linda Ronstadt og Phoebe Snow (som spelte inn musikk nabostudioet i same bygningen) meinte at Joel burde ta songen med, og han endra meining.Billy Joel - The Republican Interview Produsenten på albumet, Phil Ramone, fortel derimot ei anna historie, og hevdar at dei rett og slett ikkje kunne ta bort songen fordi Joel ikkje hadde nok songar til å utgjere eit heilt album.The Stranger: 30th Anniversary Edition. «Making of The Stranger Documentary. 2008
Etter at Joel og Weber skilde seg i 1982, spelte Joel sjeldan songen på konsertane sine før 2000-åra. Han har fortalt at under framføringar av songen i tida rundt skilsmissen hans, så song trommeslagar hans Liberty DeVitto på tull teksten i refrenget som «She got the house. She got the car.»Rose, Charlie. «Billy Joel Interview.» The Charlie Rose Show, 1993.
Då «Just the Way You Are» vart gjeven ut som singel vart han forkorta med over eitt minutt. Skilnaden er at andre verset er fjerna og ein tidlegare uttoning. Eit konsertopptak av songen vart nytta som musikkvideo. Den 18. februar 1978 nådde songen tredjeplassen på singellista og Joel framførte ein kortare versjon av songen som musikalsk gjest den dagen på Saturday Night Live (i lag med «Only the Good Die Young»). Singelversjonen var med på den første utgåva av Greatest Hits Volume I & Volume II, men den fulle albumversjonen vart nytta på seinare utgåver av samlinga.
Songen har ein altsaksofonsolo på slutten. Soloen vart spelt av Phil Woods, ein kjend jazzsaksofonist. Woods vart kritisert av somme puritanarar i jazzmiljøet for å ha spelt med ein rockeartist, men framføringa eksponerte han for eit større publikum og introduserte musikken hans for rockefans.Gordon Bock, «Phil Woods' Sax Keeps Showing Up.» Dallas Morning News, August 6, 1978, p. 8 C.
Innhald 7" U.S. and UK singel (1977) «Just the Way You Are» - 3:27 «Get It Right the First Time» - 3:54
Lister Liste (1978)PlasseringCanada (RPM)Collectionscanada.gc.ca2Irland (IRMA)7Sør-Afrika (RiSA)6US Billboard Easy Listening1
Andre versjonar Songen har blitt spelt av mange andre musikarar, som José José, Mina, Barry White, Isaac Hayes, Diana Krall, Ahmad Jamal, Shirley Bassey, Rosemary Clooney, Frank Sinatra, Jose Feliciano, Harry Connick, Jr., The Hi-Lo's,Lewis, Don. «Easy Listening: A Hi-Lo's High" . The Milwaukee Journal. July 19, 1981. Henta 28. august 2014. besetninga i Glee, Engelbert Humperdinck, Johnny Mathis, og dottera til Joel, Alexa Ray. Joel har framført songen som ein duett på konsertar med Elton John.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Just the Way You Are av Billy Joel» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Årets song i USA Kategori:Softrock-songar Kategori:Songar produserte av Phil Ramone Kategori:Barry White-songar Kategori:Isaac Hayes-songar Kategori:Diana Krall-songar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Harry Connick jr.-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Johnny Mathis-songar