Ilona Bruzsenyák () er ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister i lengdehopp i 1974.

Aktiv I 1971 i Budapest presterte Bruzsenyák ein femkamp som gav henne sterke 4897 poeng, men ho deltok likevel ikkje i femkampen under EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Ho sprang derimot ein av etappane for Ungarns lag som vart nummer fem i 4x100 m stafett. Under dei olympiske leikane i München i 1972 oppnådde ho 4419 poeng i femkampen og vart nummer åtte, medan ho i lengdehopp kom på tiandeplass med 6,39 meter.

Høgdepunktet for Bruzsenyák kom i europameisterskapen 1974 i Roma. Her vann ho lengdehopptevlinga på ungarsk rekord, 6,65 meter, fem centimeter lengre det det sølvmedaljøren Eva Šuranová frå Tsjekkoslovakia oppnådde. I femkampen vart Bruzsenyák nummer seks med 4399 poeng.

Ho deltok i sommarleikane i Montreal i 1976 og vart nummer 16 i femkamp og utslått i lengdekvalifiseringa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ilona Bruzsenyák» frå , den 30. august 2014.

World Athletics

Kategori:Ungarske lengdehopparar Kategori:Ungarske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976