Marlies Göhr () er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Gera i Thüringen, som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart to gongar olympisk meister og to gongar verdsmeister, samt fem gongar europameister. Göhr sigra i fire tevlingar i verdscupen og tolv gongar i europacupen. Til saman vann ho ti nasjonale meistertitlar på 100 meter og to på 200 meter.
Aktiv Den 1. juli 1977 sprang ho, som Marlies Oelsner, hundremeteren på 10,88 sekundar og vart dermed den fyrste kvinna som kom under 11 sekundar på distansen. Etter ho tangerte rekorden i juli 1982 i Dresden, forbetra Göhr sin eigen verdsrekord til 10,81 sekundar ved eit stemne i Aust-Berlin 8. juni 1983, hardt pressa av Marita Koch som fekk 10,83 i slutttid. Denne siste rekorden vart ståande i berre nokre veker, etter som Evelyn Ashford frå USA forbetra verdsrekorden til 10,79 sekundar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap Sommar-OL 1976 i Montreal: Gullmedalje 4 x 100 m stafett (42,55). Nr 8 på 100 m – 11,34 EM 1978 i Praha: Gullmedalje 100 m – 11,13, sølvmedalje 200 m – 22,53, bronsemedalje 4 x 100 m stafett (43,07) Sommar-OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje 100 m – 11,07. Gullmedalje 4 x 100 m stafett (41,60) EM 1982 i Aten: Gullmedalje 100 m – 11,01 og gullmedalje 4 x 100 m stafett (42,19) VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje 100 m – 10,97 og gullmedalje 4 x 100 m stafett (41,76) EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje 100 m – 10,91 og gullmedalje 4 x 100 m stafett (41,84) VM 1987 i Roma: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett (41,95). Utslått i semifinalane på 100 m Sommar-OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett (41,95). Utslått i semifinalane på 100 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marlies Göhr» frå , den 31. august 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988