«Leningrad» er ein song frå 1989 skriven og framført av den amerikansk songaren og låtskrivaren Billy Joel. Songen vart først gjeven ut på albumet Storm Front på Columbia Records og sidan som singel. Han finst òg på Greatest Hits, Vol. 3. Tittelen på songen kjem frå det tidlegare namnet på St. Petersburg i Russland.

Ei av melodilinjene i songen er lånt frå den første satsen av den kjende Fiolinkonserten til den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij.

Bakgrunn Songen vart skriven av Joel om ein russisk klovn kalla Viktor Razinov, som han møtte medan han var på turné i Sovjetunionen i 1987. Gjennom songen vert store hendingar i livet til Viktor og Joel samanlikna for å syne kulturelle skilnader og likskapar mellom USA og Sovjetunionen.

I songen skildrar Joel livet til Viktor som eit av dei mange sovjetiske barna som mista fedrane sine under andre verdskrigen, særleg under omleiringa av Leningrad. Han vert med i Den raude armeen, drikk vodka for å døyve smerta, og vert så ein sirkusklovn for å bringe glede til russiske barn.

Joel skildrar barndomen sin som eit «bar av 49, ein kald krig i McCarthy-tida.» Han skildrar kort livet sitt i Levittown, og frykta for Cubakrisa. Joel refererer òg til Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Til slutt møttes dei to etter konserten til Joel i Leningrad (Viktor hadde reist over heile Russland for ås jå alle dei seks russiske konsertane), der Viktor fekk dotter til Billy, Alexa Ray Joel, til å le. Den siste songen i linja er «We never knew what friends we had, until we came to Leningrad.»

Lister Liste (1989/1990)PlasseringAustralia90Belgia (Flandern)http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=Leningrad&cat=s (Henta 29. august 2014)17NederlandDutch Top 40 1990 . Henta 2009-01-08.15Tyskland14UK Singles Chart53

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leningrad (song)» frå , den 2. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar om byar Kategori:Popsongar baserte på klassiske verk