Color Me Badd er ei R&B-vokalgruppe som vart danna i Oklahoma City i Oklahoma i USA. Dei originale medlemmane i gruppa var Bryan Abrams, Mark Calderon, Sam Watters og Kevin Thornton. Gruppa selde 12 millionar plater i USA.

Vokalkvartetten vart danna då medlemmane gjekk på high school i Oklahoma City, før dei flytta til New York. Dei skreiv både danselåtar og oppriktige balladar. Gruppa fekk kontrakt med Giant Records, og braut gjennom i 1991 med «I Wanna Sex You Up» på soundtracket til New Jack City. Songen vart gjeven ut som singel og nådde toppen av R&B-lista i USA og topp 5 på poplista, medan plata selde til dobbel platinaplate. Dei følgde opp med hitten «I Adore Mi Amor», som nådde toppen av både pop- og R&B-lista i USA. Debutalbumet deira, C.M.B., følgde, og selde over tre millionar plater og gav enno ein hitsingel, «All 4 Love», og topp 20-singlane «Thinkin' Back» og «Slow Motion».

Den neste singelen til Color Me Badd var ein annan filmsong, «Forever Love» frå Mo' Money, den sjette singelen deira på rad som nådde topp 20 i USA. I 1992 vart dei berre bak Boyz II Men når det kom til popsinglar det året. Gruppa gav ut remixsamlinga Young, Gifted and Badd - The Remixes medan dei spelte inn eit nytt album. Albumet Time and Chance i november 1993. Det inneheld to singlar som nådde topp 20, tittelsporet og «Choose», men albumet selde elles skuffande etter den enorme suksessen til debutalbumet.

Now & Forever kom i 1996 og gav Color Me Badd den siste topp 20-singelen deira med «The Earth, the Sun, the Rain», men albumet selde dårleg. Det siste albumet til bandet, Awakening, vart spelt inn for Sony Records, men etter dårleg sal vart gruppa oppløyst.

Bandet har hatt nokre gjenforeiningar i seinare år.

Diskografi

Studio albums År Album Plassering Salstrofé US US R&B AUS AUT CAN GER NLD NZ SWE UK 1991 C.M.B. Release date: July 23, 1991 Label: Giant 3 10 17 32 6 23 9 15 30 3 US: 5× platina CAN: 2× platina UK: Gold 1993 Time and Chance Release date: November 16, 1993 Label: Giant 56 20 — — — — — — — — US: platina 1996 Now & Forever Release date: May 14, 1996 Label: Giant 113 39 — — — — — — — — 1998 Awakening Release date: July 28, 1998 Label: Epic — — — — — — — — — — «—» syner til at albumet ikkje gjekk inn på lista

Singlar År Singel Plassering Salstrofé Album US US R&B AUS AUT CAN GER NLD NZ SWE UK 1991 «I Wanna Sex You Up» 2 1 4 11 18 4 2 1 5 1 US: 2× platina AUS: Gold UK: Silver C.M.B. «I Adore Mi Amor» 1 1 27 — 8 44 11 8 — 44 US: Gold «All 4 Love» 1 — 9 — 8 23 3 1 25 5 US: Gold AUS: Gold «Color Me Badd» — 56 — — — — — — — — 1992 «Thinkin' Back» 13 2 — — 35 — — — — — «Heartbreaker» 57 32 — — — — 61 32 — 58 «Slow Motion» 15 10 — — 40 — — — — — «Forever Love» 15 23 — — 41 — — — — — Young, Gifted & Badd: The Remixes 1993 «Time and Chance» 213 — — 58 — — — — 62 Time and Chance 1994 «Choose» 23 5 — — 31 — — 45 — 65 «In the Sunshine» — — — — — — — — — — «The Bells» — 73 — — — — — — — — «Let's Start with Forever» 115 — — — — — — — — — 1996 «The Earth, The Sun, The Rain» 19 25 — — 12 69 — 30 — — Now & Forever «Sexual Capacity» 48 20 — — — — — — — — 1998 «Remember When» 48 — — — — — — — — — Awakening «—» syner til at singelen ikkje gjekk inn på salslista

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Color Me Badd» frå , den 2. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske hiphop-grupper Kategori:USA-amerikanske R&B-grupper Kategori:USA-amerikanske gutegrupper Kategori:New jack swing-grupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1987 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 2000