Olga Pavlovna Minejeva, fødd Sirovatskaja (), er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Degtjarsk i Sverdlovsk oblast som tevla internasjonalt for Sovjetunionen på 800 meter. Ho tok OL-sølv på distansen i Moskva i 1980 og EM-gull i Aten i 1982.

Aktiv Olga Sirovatskaja deltok på 400 m og 4x400 m stafett under dei olympiske leikane i München. På 400 m vart ho slått ut i kvartfinalane, medan det vart åttandeplass på stafetten.

Under sommarleikane i Moskva sommaren 1980 gjekk alle medaljane på 800 meter til dei sovjetiske deltakarane, med tida 1.54,81 tok Olga Minejeva sølvmedaljen bak Nadezjda Olizarenko og føre Tatjana Providokhina. I EM i friidrett 1982 i Aten vart Minejeva europameister på 1.55,41. Ho sprang òg ein etappe på Sovjetunionen sitt lag i 4 x 400 m stafett og fekk då med seg ein bronsemedalje.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Olga Pawlowna Minejewa» frå , den 5. september 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980