Natalja Benediktovna Lisovskaja () er ein sovjetisk-russisk friidrettsutøvar som tevla i kulestøyt for Sovjetunionen. Ho dominerte kuleøvinga i siste halvpart av 1980-talet med VM-gull 1987 og OL-gull i 1988 som høgdepunkt. Under eit stemne i Moskva i 1987 sette ho med 22,63 m dagens (2014) gjeldande verdsrekord.
Aktiv Lisovskaja sette verdsrekord med 22,63 m i Moskva den 7. juni 1987, ein rekord ingen sidan har vore i nærleiken av. Nokre veker seinare vart ho verdsmeister i kulestøyt i Roma. Med eit støyt på 21,24 m slo ho austtyske Kathrin Neimke med tre små centimeter. Året etter vart Lisovskaja olympisk meister i Seoul på suverent vis. Med 22,24 m var ho godt over meteren lenger enn dei andre medaljevinnarane, Kathrin Neimke og kinesiske Li Meisu.
Både under europameisterskapen 1990 og i verdsmeisterskapen 1991 tok Lisovskaja sølvmedaljar i kuletevlinga. Astrid Kumbernuss vart europameister med 20,38 m, mot Lisovskaja 20,06 m, med VM-gullet vart vunne av Huang Zhihong frå Kina med 20,83 m mot Lisovskajas 20,29 m. Ved VM i friidrett 1993 vart Lisovskaja nummer fem med 20,02 m.
Lisovskaja er gift med sleggjekastaren Jurij Sedykh. Paret har vore busett i Paris i Frankrike sidan fyrste halvdel av 1990-åra.
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Natalja Benediktowna Lissowskaja» frå , den 7. september 2014.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Sovjetiske kulestøytarar Kategori:Russiske kulestøytarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992