Portraits (So Long Ago, So Clear) er eit samlealbum frå 1996 med musikk av den greske musikaren Vangelis.
Albumet inneheld nokre av dei mest kjende verka til Vangelis, i tillegg til nokre songar frå samarbeidsprosjektet Jon & Vangelis, saman med Yes-songaren Jon Anderson.
Lister Albumet selde til gullplate i ni land, platina i Portugal og firdobbel platina i Tsjekkia. Albumet nådde tredjeplassen i Austerrike, fjerdeplassen i Nederland, sjuandeplassen i Sveits, 13. plassen i Tyskland, 14. plassen i Storbritannig og 59. plassen i Sverige. Albumet vann òg ein «Platinum Europe Award» for å ha seld over ein million eksemplar i Europa.«ELSEWHERE": Earlier news update: 2000-2001
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Portraits (So Long Ago, So Clear)» frå , den 9. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1996 Kategori:Vangelis-album