Chariots of Fire: The Play er eit musikkalbum av den greske musikaren Vangelis med musikk frå teateroppsetninga til Mike Bartlett av filmen Chariots of Fire. Albumet vart gjeven ut i Europa 23. juli 2012.
Skodespelet nytta både musikk som opphavleg var med i filmen og gjeve ut på albumet Chariots of Fire i 1981, men òg ny musikk komponert av Vangelis for teaterversjonen. Skodespelet vart ein stor suksess og gjekk både på Hampstead Theatre i London, før det flytta til Gielgud theater i West End.Elswhere
Det nye albumet inneheld eit spor som var direkte henta frå filmmusikkalbumet («Abraham's Theme»), eit spor som var noko oppdatert for skodespelet, og eit spor frå filmmusikkalbumet som kom i ei ny drakt, med fleire synthesizerar og redigering. I tillegg var den religiøse «Jerusalem», som ikkje er skriven av Vangelis med. Denne songen er nytta i både filmen og skodespelet og inspirerte til tittelen til filmen. Alle dei andre spora har med nykomponert musikk, i alt elleve spor. Dei inneheld stundom referansar til tema som vart nytta i filmen, men er ofte heilt nye komposisjonar.
Innhald
Kjelder Elswhere - The independent Vangelis Site
Kategori:Vangelis-album Kategori:Musikkalbum frå 2012