Can I Have My Money Back? er det første soloalbumet til Gerry Rafferty. Plateomslaget var laga av John Patrick Byrne og var starten på eit langvarig samarbeid. Plata fekk god kritikk, men selde dårleg, delvis fordi Rafferty nettopp hadde slutta i eit velkjent band, The Humblebums. Med på albumet var Joe Egan og i lag skipa dei to Stealers Wheel kort tid etter.

Albumet vart remastra og gjeven ut på CD i ei utvida utgåve, med nytt plateomslag på Castle Music, Ltd. (UK) i 2000 (Serial# ESMCD-879). Det kom berre ut i Storbritannia og inneheld 12 ekstra spor henta frå samlealbumet Gerry Rafferty frå 1974.

Songen «Can I Have My Money Back?» vart gjeven ut på singel med «So Bad Thinking» som B-side.

Innhald

Medverkande Gerry Rafferty - vokal, klaverinstrument, akustisk gitar Joe Egan - korvokal Rab Noakes - vokal, akustisk gitar Roger Brown - elektrisk gitar, vokal Zed Jenkins - elektrisk gitar Rod King - steelgitar Hugh Murphy - tamburin, vokal Alan Parker - gitar Tom Parker - harmonium, cembalo Henry Spinetti - trommer Andrew Steele - trommer Johnny VanDerrick - fele, fiolin Tom Lasker - piano Gary Taylor - bass, vokal John Whitehead - produksjon John Patrick Byrne - plateomslag

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Can I Have My Money Back?» frå , den 10. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gerry Rafferty-album Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Transatlantic Records-album