mini|Jean Galfione i 2005 Jean Galfione () er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Paris. Han vart olympisk meister i øvinga under OL 1996 i Atlanta og tok elles tre bronsemedaljar i EM og VM i friidrett i tida 1994-98.
Aktiv Galfione høyrde til verdseliten i stavhopp frå han var 20 år gammal. Hans store gjennombrot kom då han tok bronsemedaljen i øvinga under EM 1994 i Helsingfors med eit hopp på 5,85 m. Året etter tok han bronse også i verdsmeisterskapen i Göteborg, knipe slått av sølvmannen Maksim Tarasov frå Russland.
Høgdepunktet opplevde Galfione då han vann den olympiske gullmedaljen i stavhopp i Atlanta 1996, på same høgda som Igor Trandenkov frå Russland og Andrej Tivontjik som representerte Tyskland. Både Galfione og Trandenkov klarde 5,92 m i fyrste forsøk, Tivontjik måtte ha to forsøk. Ingen av dei tre klarde neste høgda, dermed vart det utslagsgjevande for gullstriden at Trandekov hadde brukt fleire forsøk på lågare høgder enn Galfione.
Galfione tok bronsemedaljen i europameisterskapen 1998, fem centimeter under dei andre medljevinnarane. Våren 1999 vann han innandørs-VM ved å ta seg over 6,00 meter. I juni månad 1999 forbetra han den franske rekorden utandørs til 5,98 meter. Etter å ha gått over 5,70 m i kvalfiseringa under VM i friidrett 1999, bomma han i alle forsøka på opningshøgda, nett slik han hadde gjort i VM 1997.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Nr 10 – 5,40 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 8 – 5,70 m EM 1994 i Helsingfors: Bronsemedalje – 5,85 m VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje – 5,86 m, bakom Maksim Tarasov (5,86 m) OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 5,92 m, framom Igor Trandenkov (5,92 m) VM 1997 i Aten: Nr 12 EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 5,76 m, framom Danny Ecker (5,76 m) VM 1999 i Sevilla: Nr 11 OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (5,55 m -nr 16) VM i 2005 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa (5,45 m -nr 13)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jean Galfione» frå , den 11. september 2014.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske stavhopparar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå Paris