David Knopfler () er ein britisk rytmegitarist, pianist, plateprodusent og songar-låtskrivar. Han er òg diktar og forfattar.

Han var med på å starte rockebandet Dire Straits i lag med broren Mark Knopfler, og var tre år med dei. Etter han slutta bandet la han ut på ein solokarriere der han mellom anna har danna fleire små plateselskap og forlag.

Knopfler var tidleg ute med å nytte Internett som arena for marknadsføring og produksjon av musikken.

Boka hans Bluffers Guide to the Rock Music Business (ISBN 978-1-903-09617-8) vart publisert i 1996.

Gjennom åra har han og vore ein mykje nytta og særs ivrig deltakar i samfunnsdebatten, særleg i spørsmål som gjeld menneskerettar, naturvern og miljøvern.

Liv og karriere

Tidleg liv Knopfler var fødd i Glasgow i Skottland med ei engelsk mor, Louisa Mary, som var lærar og ein jødisk ungarsk far, Erwin Knopfler, som var arkitekt.. Då han var to år gammal flytta familien til Newcastle upon Tyne i England, der han voks opp, og gjekk etter kvart på Gosforth Grammar School.

11 år gammal eigde han ein gitar, eit piano og eit trommesett, og då han var 14 år spelte han sine eigne songar på viseklubbar.

Etter å ha gått på Bristol Polytechnic vart han sosialarbeidar i London, der han delte ein leiligheit med John Illsley.

Den eldre broren til David Knopfler, Mark, spelte òg gitar. David introduserte Mark for John Illsley, ein bassgitarist, og etter å ha fått med seg trommeslagaren Pick Withers, danna dei fire rockebandet Dire Straits. Ein av venene til Mark Knopfler kom på namnet, som visstnok viste til den dårlege økonomien dei hadde på den tida. David hevdar derimot på si nettside «at bandet var i store økonomiske problem (dire straits) er ei tilbakeskodande myte og er ikkje heilt sann. Me hadde alle dagjobbar før me fekk eit stort forskot frå Polygram».

David Knopfler spelte rytmegitar ved sidan av broren, som var sologitarist i bandet, og David er med på dei to første albuma til Dire Straits: Dire Straits (1978) og Communiqué (1979). Stresset med å skrive og arrangere songar, spelte inn dei to påkravde albuma, og turnere for å marknadsføre dei, sleit på dei to brørne, og David slutta i bandet under innspelinga av det tredje albumet, Making Movies (1980), og han er difor ikkje omtalt på omslaget av dette albumet. Det finst videoopptak av at David spelar med bandet på konsertar på fleire av songane på dette albumet.

Solo Etter han slutta i Dire Straits, gav Knopfler ut det første soloalbumet sitt i 1983, kalla Release. Mark Knopfler og John Illsley spelar begge på albumet. Harry Bogdanovs, ein langvarig ven av Knopfler, har vore med å skrive tre av songane og spelar synthesizer. Singelen «Soul Kissing» vart gjeven ut frå albumet av selskapet Peach River Records. Singelen vart ein liten hit og albumet nådde 82. plassen på UK Album Chart, før Knopfler fekk rettane frå det konkursråka plateselskapet.

Behind the Lines, det andre albumet hans, kom ut i 1985 og det tredjealbumet, Cut the Wire, følgde i 1986. I 1988 gav det amerikanske selskapet Cypress Records ut det fjerde albumet, Lips Against the Steel.

Knopfler skreiv musikk for filmane Shergar (1984) og Laser Mission (1989), og dei tyske produksjonane Treffer (1984), Jakob hinter der blauen Tür (1989) og Der grosse Bellheim

Etter 1990 Lifelines kom ut i 1991 på Phonogram og vart spelt inn i Peter Gabriel sitt Real World Studios. Albumet som følgde i 1993 var The Giver, gjeven ut av MESA/Bluemoon i USA og Ariola i Europa. Det enkle, akustiske arrangementet fekk positive meldingar, og det same gjorde Small Mercies i 1995, som Knopfler produserte i lag med Harry Bogdanovs, med Chris White på saksofon. I 2001 arbeidde Knopfler med Bogdanovs igjen som medprodusent på albumet Wishbones, med Chris Rea og Eddi Reader som gjestemusikarar. Det niande soloalbumet, Ship of Dreams, òg dette i lag med Chris Rea, kom ut i 2004.

I mai 2005 gav han ut ei diktbok, Blood Stones and Rhythmic Beasts, som kom ut på BlackWing books (ISBN 0955026008).

Justin Time Records gav ut Ship of Dreams i oktober 2005 i USA med ei alternativ utgåve av «Tears Fall» med Megan Slankard i USA (erstatta Julia Neigel på den originale europeiske utgåva). Det tiande soloalbumet til Knopfler, Songs for the Siren kom i 2006. I nyare tid har han skrive songar i lag med Amilia Spicer, Mack Starks, Megan Slankard og Wendy Lands.

Han spelte fleire akustiske og elektriske konsertar i Tyskland, Sveits, Austerrike, Canada, Tyrkia og Australia frå 2007 til 2009 med Harry Bogdanovs og bandet hans. Ei dobbelplate, Acoustic, med akustiske versjonar av nye og gamle songar, kom ut i 2011.

Knopfler turnerte i Spania, Tyskland, Storbritannia, USA og Canada i 2012 og 2013. Det første konsertalbumet hans, Made in Germany, kom ut i avgrensa opplag i april 2013, berre tilgjengeleg på CDBaby.com.

Fleire gonger har han peika på stjerner som Joni Mitchell, Leonard Cohen og Bob Dylan som inspirasjonskjelder.

Våren 2019 vart det gjort kjend at David Knopfler kom ut med ei ny utgjeving, denne heiter Heartlands, og vart gjeve ut sommaren same år.

I 2020 gav Knopfler ut heile to album, Last Train Leaving og Songs of Loss and Love.

Personleg liv Han er gift med kunstprofessoren Leslie Stroz, og har ein son med den tidlegare kona Anna Perera.

Diskografi med Dire Straits

1978 – Dire Straits 1979 – Communiqué 1980 – Making Movies (David slutta i bandet mot slutten av innspelinga i august 1980, og er ikkje med på den endelege utgåva sidan bidraga hans vart spelt inn på ny.) 1988 – Money For Nothing (samleplate) 1995 – Live At The BBC 1998 – Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits (samleplate) 2005 – Private Investigations: The Best of Dire Straits and Mark Knopfler (samleplate)

Solodiskografi

1983 – Release 1985 – Behind the Lines 1986 – Cut the Wire 1988 – Lips Against the Steel 1991 – Lifelines 1993 – The Giver 1995 – Small Mercies 2001 – Wishbones 2004 – Ship of Dreams 2006 – Songs for the Siren 2009 – Anthology: 1983–2008 (released i USA) 2011 – Acoustic (med Harry Bogdanovs) 2013 - Made in Germany (Live in Erfurt) (med Harry Bogdanovs) 2019 - Heartlands 2020 – Last Train Leaving 2020 – Songs of Loss and Love

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «David Knopfler» frå , den 15. september 2014.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside

Kategori:Dire Straits-medlemmar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske multi-instrumentalistar Kategori:Engelske diktarar frå 1900-talet Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske rockeklaverspelarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske jazzsongarar Kategori:Engelske jazzpianistar Kategori:Engelske jazzgitaristar Kategori:Engelske filmmusikkomponistar Kategori:Folk frå Newcastle upon Tyne Kategori:Rytmegitaristar Kategori:Elevar ved University of the West of England