Dimane (eller Diman, arabisk الديمان) er ein fjellandsby i Bsharri distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg kring 1400 meter over havet, med utsyn over Kadishadalen.

Innbyggjarane i Dimane er libanesiske og følgjer den maronittisk-katolske kyrkja. Vernehelgenen er den heilage Josef, og festdagen hans vert feira 19. mars kvart år.

Sommarbustad for patriarken Landsbyen er kjend som sommarbustaden til den maronittiske patriarken, i dag Mar Béchara Pierre Raï. Den første steinen for den noverande bustanden vart lagt 28. september 1899.

Attraksjonar Dimane er òg kjend for «Patriarkarhagen» som ligg vest i landsbyenn, og for den eldgamle stien som starta bak kyrkja i landsbyen ned til botnen av Kadishadalen der maronittane leia av patriarken søkte tilflukt i hundrevis av år etter dei arabisk-muslimske invasjonane på 600-talet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dimane» frå , den 16. september 2014.

Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Bsharri distrikt