mini|Utsyn over ein del av Sarek nasjonalpark frå fjellet Piellorieppe

Sarek er ein 1970 km² vid nasjonalpark i den vestre delen av Jokkmokk kommune i Lappland i Sverige, oppretta i 1909. Nasjonalparken grensar mot Padjelanta nasjonalpark i vest og mot Stora Sjöfallets nasjonalpark i aust og nord.

Sarek er eit utprega høgfjellsområde der åtte fjelltoppar når over 2000 meter over havet. Høgst er Sarektjåkkå på 2 089 moh. Etter svenske tilhøve er det forholdsvis mange isbrear i området.

Sarek er eit av dei mest kjende områda i Sverige for fjellturisme. Mengda smeltevatn frå snødekte fjell og isbrear kan verte svært stor på våren og sommaren, noko som gjer at vading av elvar kan vere risikofylt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sarek» frå , den 17. september 2014. Bakgrunnsstoff

Kategori:Norrbottens län Kategori:Nasjonalparkar i Sverige