Karasjok kommune (nordsamisk Kárášjoga gielda) er ein kommune i indre Finnmark fylke. Han har grense til Finland i sør og aust, og i tillegg til kommunane Porsanger og Tana i nord og Kautokeino i vest. Med ei flatevidd på 5464 km² er Karasjok den nest største norske kommunen, etter Kautokeino.
Kultur mini|Karasjok kyrkje, bygt i 1974 mini|Karasjok gamle kyrkje, den eldste attståande kyrkja i Finnmark, bygt i 1807 Innbyggjarane i kommunen snakkar finsk, norsk og nord-samisk, og kommunen er tospråkleg, med samisk og norsk som forvaltingsspråk. Rundt 80 % av dei er av samisk opphav, og kommunen blir gjerne kalla samehovudstaden. Fleire samiske institusjonar ligg i Karasjokk, mellom anna det norske Sametinget, NRK Sámi Radio, Samisk kunstnarråd og Samisk kunstnarsenter.
I Karasjok kan ein få utdanning på samisk, frå barnehage og grunnskole og seinare på sámi joatkkaskuvla, samisk vidaregåande skole. De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek ligg òg i Karasjok. Forlaget Davvi Girji har hovudkontor i kommunen. Den samiske avisa Min Áigi kom ut her fram til 2008. Avløysaren Ávvir har redaksjon i Karasjok og Kautokeino.
Geografi og namnesoge Karasjok kommune femner om store delar av Finnmarksvidda. Han ligg langs det øvre elvebekkenet til Tanaelva (Deatnu) og sideelvene Anarjohka og Kárášjohka. Den sistnemnde har gjeve namn til kommunen. Medan johka er samisk for 'elv', kan karas ha to tydingar. Mest truleg er det frå det samiske ordet for 'trefat', men det kan òg koma frå finsk kara som tyder 'buktande'.
Det høgaste fjellet er Vuorji på 1024 moh.
Klima Karasjok har eit subarktisk klima og har den offisielle kulderekorden i Noreg; fyrste nyttårsdag i 1886 vart det målt -51,4 grader.
Tettstad i kommunen Karasjok -
Næringsliv Tradisjonelt har primærnæringane vore viktigast i kommunen. Framleis driv mange med reindrift, rundt 18 % er på eitt eller anna vis med på dette. Anna jordbruk og tilleggsnæringar som jakt, fiske og bærplukking livnærer òg mange. Husflid knytt til samiske tradisjonar som knivar, klede og sølv er òg ei viktig næring.
Dei fleste er likevel tilsette i kvartiærnæringar, som tenesteyting og offentleg forvalting. Turisme er blitt stadig viktigare for Karasjok.
Kommunikasjon Karasjok blir rekna som eit knutepunkt i Finnmark, både for fastbuande og turistar. Europaveg 6 går gjennom kommunen på veg frå Lakselv til Tana. Det finst bussamband med Tana, Vadsø og Kirkenes i austfylket, og Lakselv, Hammerfest, Kautokeino og Alta i vestfylket. Karigasniemi er offisiell grensepost til Finland. Elles ligg kommunen nokså nær to flyplassar, 7 mil frå Lakselv flyplass og 15 mil frå Ivalo flyplass i Finland.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Karasjok kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Karasjok 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 885 1087 1581 1693 2193 2542 2648 2690 2877 2789
Verd å vitja mini|Sametingsbygningen Karasjok gamle kyrkje, den eldste attståande kyrkja i Finnmark Sametingsbygningen Samisk kunstnersenter De samiske samlinger, nasjonalt museum for samisk kultur Temaparken Sápmi Turstien Ássebákti
Kjende folk frå Karasjok mini|Mari Boine Ole Nilsen Ravna (1841-1906), krysset Grønland med Fridtjof Nansen i 1888 Samuel Balto (1861-1921) Matti Aikio (1872-1929), forfattar Kirsten Svineng (1891-1980), «Mamma Karasjok» Iver Jåks (1932-2007), biletekunstnar og skulptør Kjell Harald Sæther (f. 1948), politikar, ordførar (Ap) Egil Olli (f. 1949), politikar, sametingspresident, fødd i Porsanger Mari Boine (f. 1956), songar Frode Fjellheim (f. 1959), komponist, voks opp i Karasjok Sverre Porsanger (f. 1963), skodespelar Tor Mikkel Wara, (f. 1964), politiker (FrP), justis-, beredskaps- og innvandringsminister Laila Somby Sandvik, første samiske barneombud Jan Egil Brekke (f. 1974), fotballspelar Hans Norbye (f. 1987), fotballspelar Susanne Næss Guttorm (f. 1996) Miss Universe Norge 2018 Inga Ravna Eira, forfattar
Sjå også Kulturminne i Karasjok Grunnkrinsar i Karasjok kommune
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Lutfattig kommune i krise – Fylkesmannen slår alarm. 2018. nrk.no
Kategori:Kommunar i Finnmark Kategori:Samiske kommunar Kategori:Finnmarksvidda Kategori:Norske kommunar skipa i 1866