Studentmållaget i Nidaros (SmiN) er eit studentmållag i Norsk Målungdom, som vart skipa allereie i 1916. SmiN dekker Sør-Trøndelag og delar av Nordmøre, men har hovudfokuset hjå studentar i Trondheim. Leiar er Oliver Hovden frå Karmøy.
Laget skipar norskkurs, og har særleg arbeidd med nynorsk terminologi innanfor ulike fagområde på NTNU. Dei står bak ei medieordliste, ei organisasjonsordliste, ei realfagsordliste og ei musikkvitskapsordliste. Studentmållaget i Nidaros har aktivitet gjennom heile året, sett vekk i frå felles sumar- og juleferie.
Den kjende skribenten Kristin Fridtun har også vore leiar for Studentmållaget i Nidaros då ho tok utdanninga si hjå NTNU.
Sjå òg Studentmållaget i Oslo Studentmållaget i Bergen Ås Studentmållag
Kjelder
Nettstaden åt SmiN Rise, Magnulf Arne: Student- og elevmållaget i Trondheim gjennom 50 år, Melhus 1966.
Kategori:Noregs Mållag Kategori:Norsk Målungdom Kategori:Studentmållag Kategori:Norske studentlag Kategori:Skipingar i 1916 Kategori:Kultur i Trondheim