Nevin Yanıt () er ein tyrkisk friidrettsutøvar som har tevla internasjonalt i 100 meter hekk og på 100 meter. Ho vart europameister på korthekken både i 2010 og 2012.

Aktiv Yanıt deltok i VM i friidrett 2007 i Osaka, men vart slått ut i semifinalane på 110 m hekk. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing rauk ho ut i semifinalane. Det same skulle gjenta seg ved friidretts-VM 2009 i Berlin.

Under EM i friidrett 2010 i Barcelona vann Yanıt gullmedaljen i 110 meter hekk på tyrkisk rekordtid, 12,63 sekundar, med irske Derval O'Rourke og tyske Carolin Nytra på dei andre medaljeplassane. To år seinare forsvarte ho EM-titelen under meisterskapen i Helsingfors. Nokre veker etter Helsingfors-EM kom ho på femteplass i hekkeøvinga under Sommar-OL 2012 i London på tyrkisk rekord, 12,58 sekundar.

Doping I august 2013 vart Yanıt utestengd frå idrett i to år, etter ei postiv dopingprøve frå februar same året. Referansar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nevin Yanıt» frå , den 23. september 2014.

World Athletics

Kategori:Tyrkiske friidrettsutøvarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Dopingsaker i friidrett