Hebbariye, Hebbariyeh, Hebbariya eller Hebariya er ein landsby og kommune i Hasbaya distrikt i Nabatieh guvernement i Libanon. Han ligg i sørvestsida av fjellet Hermon nær grensa til Syria, nordaust for Rachaya Al Foukhar mellom aprikoshagar.
Landsbyen ligg kring 750 meter over havet og har ein liten folkesetnad med hovudsakleg sunnimuslimar.
Det ligg eit romersk tempel nær landsbyen, som er det sørlegaste av Hermontempla. Tempelet vart undersøkt i 1852 av Edward Robinson, som målte dimensjonane til å vere ei lengd på 58 meter og ei breidde på 31 meter. Høgda vart estimert til 32 meter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hebbariye» frå , den 24. september 2014.
Bakgrunnsstoff Bilete av Hebbariye og det romerske tempelet på panoramio.com Hebbariyeh på www.localiban.org
Kategori:Hasbaya distrikt Kategori:Busetnader i Nabatieh guvernement Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Romerske tempel Kategori:Romerske stader i Libanon Kategori:Turistmål i Libanon