Linda Stahl () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Steinheim som tevla i spydkasting. Ho vart europameister i øvinga i 2010 og har elles vunne ein OL-bronse, to EM-bronsar og eitt EM-sølv i øvinga i tida 2012-16.

Aktiv mini|venstre|Linda Stahl i 2011 Stahl vart nummer 10 med 61,04 m i sin meisterskapsdebut i VM 2007 i Osaka. I 2008-sesongen kasta 66,06 m, men for seint til å få vere med til sommar-OL i Beijing. Året etter kom ho på sjetteplass under VM i friidrett 2009 på tysk heimebane i Berlin, hennar lengste finalekast målte 63,23 m.

I europameisterskapen 2010 i Barcelona smelte Stahl i femte omgang til med personleg rekord på 66,81 meter. Dermed tok ho over leiinga i tevlinga frå landskvinna Christina Obergföll, som ikkje makta svare og såleis enda på sølvplassen med 65,58 m. Stahl kvalifiserte seg til spydfinalen i friidretts-VM 2011, grunna skade deltok ho ikkje i finalen.

Både frå friidretts-EM og sommar-OL i 2012 fekk Stahl bronsemedaljar med heim. I Helsingfors-EM kasta ho spydet 63,69 m, i London-OL måtte ho opp i 64,91 m for å sikre seg medalje. Stahl kasta så som lengst 64,78 m under VM i friidrett 2013 i Moskva. Dermed enda ho opp som nummer fire, 31 cm bak bronsevinnaren Marija Abakumova frå Russland. Året etter tok Stahl si tredje internasjonale bronsemedalje då ho fekk notert 63,91 m i EM i friidrett 2014 i Zürich.

Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam oppnådde Stahl 65,25 m, og fekk med det sølvmedaljen i øvinga, vel meteren bak Tazzjana Khaladovitsj frå Kviterussland. Ho la opp etter Sommar-OL 2016.

Stahl var tysk meister i spydkasting i 2013 og 2014.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Linda Stahl» frå , den 29. september 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Folk frå Nordrhein-Westfalen