Nahal Kziv (hebraisk נחל כזיב) er ei 20 km lang fleirårig elv i Øvre Galilea i Israel.Monfort krossfararborg Om vinteren fyller regnet opp elveleia og kjelder langs. I dag pumper Mekorot (nasjonal vatnselskap) vatn frå kjeldeelva Ein Ziv, som vert nytta av innbyggjarar i Vest-Galilea, og dannar ein kanal mellom Ein Ziv og Ein Tamir, som er ei stundom tørrlagt elv. På ryggen oppom dalen med ei krossfararborg frå 1100-talet, Montfort.
Geografi mini|venstre|Nahal Kziv Nahal Kziv flyt frå vestsida av Har Meron nær Beit Jann, vest for munningen og nord for Achziv. Ho er den lengste elva i Galilea med det største nedslagsfeltet. Elva renn forbi Hurfeish, Abirim, Mi'ilya, Mitzpe Hila, Neve Ziv, Goren, Manot og Ma'alot-Tarshiha. Av kjelder langs kanalen finn ein Ein Ziv, Ein Tamir (etter dette flyt elva jamnt), Ein Hardalit og Ein Yakim.
Naturreservat Det meste av elva er ein del av eit naturreservat som har same namn som elva, og innafor området ligg Montfortborga og andre ruinar frå krossfarartida. Ein steinutskjering av ein mann, 1,78 meter høg, står nær staden der Abirimelva munnar ut i Nahal Kziv. Ein trur utskjeringa er frå hellenistisk tid.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nahal Kziv» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Israel Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Verneområde i Det nordlege distriktet i Israel