St. Markus kyrkje er ei langkyrkje frå 1939 som står på Gyldenpris i Årstad bydel i Bergen.
Gyldenpris vart overflytta frå Laksevåg kommune til Bergen allereie i 1921. Innbyggjarane her sokna til Årstad kyrkje den fyrste tida etterpå. I 1931 vart det lyst ut arkitekttevling for langskipskyrkje med klokketårn, der arkitektane Losnedahl og Brøndmo sitt forslag vart føretrekt. Etter godkjenninga frå kyrkjedepartementet i 1935 tok bygginga til, og kyrkja stod ferdig i 1939. Ho er ei av dei få kyrkjene i Noreg som hovudsakleg er utforma i funksjonalistisk stil.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «St. Markus kirke» frå , den 1. oktober 2014, revisjon 12811600
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Kyrkjer i Bergen Domprosti Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Norske kyrkjer frå 1939 Kategori:Årstad