Judeaørkenen er ein ørken i Israel og Vestbreidda som ligg aust for Jerusalem og fell ned mot Daudehavet. Han strekkjer seg frå det nordaustlege Negev til aust for Beit El, og er markert av terrassar og skrentar. Han endar i ein bratt skrent ned til Daudehavet og Jordandalen. Judeaørkenen vert kryss av mange wadiar frå nordaust til søraust og har mange raviner, dei fleste av dei djupe, frå 400 m i vest til 200 meter i aust.Geography and politics in Israel since 1967, Elisha Efrat Judeaørkenen er eit område med ein særskild morfologisk struktur langs austsida av Judeafjella.

mini|venstre|Mar Saba i Kidrondalen.

Han vert stundom kalla Yeshimon (hebraisk skrift יְשִׁימוֹן) som tyder 'ørken' eller 'villmark'.About “yeshimon”

Plassering mini|Åsane i Judeaørkenen.

Judeaørkenen ligg aust for Jerusalem og heller ned mot Daudehavet. Nedbørsmengdene i Judea-området varierer frå 400-500 mm i dei vestlege åsane til 600 mm kring vestlege Jerusalem (sentralt i Judea), så ned att til 400 mm aust for Jerusalem og ned til kring 100 mm i austlege delar på grunn av regnskuggen. Klimaet varierer frå middelhavsklima i vest og ørkenklima i aust med ei stripe steppeklima i midten. Dei største byområda er Jerusalem, Betlehem, Gush Etzion, Jeriko og Hebron.Picturesque Israel I: Jerusalem, Judah, Efraim

Sjå òg Qumrangrottene Turisme i Israel Israelsk geografi Turisme i Dei palestinske territoria

Merknader

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Judean Desert» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ørkenar i Palestina Kategori:Geografi på Vestbreidda