Fredsskogen er ein skog i det sørleg og søraustlege Jerusalem i Israel, mellom bydelen Abu Tor og Sheroverpromenaden. Det var staden der den bibelske Asalelva låg, som er nemnt i Sakarja (14:5) (i dag finst berre eit elvefar att av staden).
Det finst fleire graver frå tida kring Det andre tempelet i Fredsskogen, somme med hebraiske inskripsjonar. I 1990 vart ei grav med den arameiske inskripsjonen «Josef, son av Kaifas» funnen i Fredsskogen, som truleg høyrte til høgstepresten Kaifas.
Det ligg òg ruinar av ein akvedukt i Fredsskogen som gav vatn til Jerusalem kring tida kring Det andre tempelet.
Sjå òg Skogar i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peace Forest» frå , den 2. oktober 2014. oppgav desse kjeldene: Harley Stark, «Jerusalem, Ya‘ar Ha-Shalom Final Report», Excavations and Surveys i Israel, Journal 118
Kategori:Skogar i Israel Kategori:Parkar i Jerusalem