Fredsøya er ein israelsk-jordansk park ved samløpet mellom Jordanelva og Yarmouk, på grensa mellom Israel og Jordan.The beautiful and tragic story of Naharayim, Jerusalem Post Ein kan sjå Naharayim vassenergiverk frå parken.
Historie Land langs elvebreidda til Jordanelva var under jødisk eigarskap før staten Israel vart oppretta. I 1927 skreiv Pinchas Rutenberg, som grunnla Palestina Electric Company, under på ein avtale med kong Abdullah I av Jordan om å byggje eit vasskraftverk. Det vart bygd kanalar og dammar for dette, som skapte i ei menneskeskapt øy i elva. Vasskraftverket kom i drift i 1932, men vart lagt ned etter den arabisk-israelske krigen i 1948.
I 1994 avstod Israel området til Jordan som ein del av fredsavtalen deira. Jordan gjekk med på leige det attende slik at bønder frå Ashdot Ya'acov kibbutz kunne dyrke jorda der. Jordbruket held fram under ein 25-årsavtale, som automatisk vert fornya. Det vart oppretta ein port slik at israelske turistar kunne vitje parken utan behov for visum eller pass.
Massakren i 1997 mini|venstre|Naharayim-minnesmerket Den 13. mars 1997 var skulen Feurst frå Beit Shemesh på ein klassetur til Jordandalen og Fredsøya. Den jordanske soldaten Ahmed Daqamseh opna eld mot skulebarna og sju jenter på 13-14 år mista livet, medan andre vart skadd. Kong Hussein av Jordan kom til Beit Shemesh for å kondolere og be om tilgjeving for landet sitt.«With condolence visit to Israel, King Hussein spurs talks", CNN, 16. mars 1997. Vitja 3. oktober 2014. «King Hussein of Jordan knelt in mourning Sunday with the families of seven Israeli schoolgirls gunned down last week by a Jordanian soldier, saying they were all 'members of one family.'"
I februar 2011 kravde justisministeren i Jordan at Daqamesh burde få sleppe ut og hevda at «Han er ein helt, han fortener ikkje å vere i fengsel».Jordan Minister: Release soldier who shot Israeli,Jerusalem Post, 14. februar 2011. Henta 3. oktober 2014. «In an unprecedented move, Jordan's new justice minister on Monday joined dozens of protesters demanding the early release of a Jordanian soldier who killed seven Israeli school girls in 1997. «
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Island of Peace» frå , den 3. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Området i bilete (forklaringar på hebraiske) Bilete av massakren (forklaring på hebraiske)
Kategori:Parkar i Israel Kategori:Fredsparkar Kategori:Turistmål i Jordan Kategori:Turistmål i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Den israelsk-jordanske grensa Kategori:Øyar i Israel Kategori:Øyar i Jordan Kategori:Elveøyar i Asia