Har Arif (hebraisk הר חריף) er eit fjell med ei høgd på 1 012 meters i Negevørkenen sør i Israel.
Fjellet ligg sentralt i Negevørkenen, kring 85 kilometer sørvest for byen Beersheba, 112 kilometer nordvest for byen Eilat, ved grensa til Egypt. Fjellet er det nest høgaste i Negevørkenen etter Har Ramon. Ein militærbase for Det israelske forsvaret ligg på fjellet på grunn av den strategiske plasseringa ved grensa til Egypt.
Restane av ein førhistorisk busetnad er oppdaga pås taden. Ei gruppe på 17 cisterner ligg kring 5 km aust for fjellet, som truleg vart bygd kring regjeringstida til kong Salomo, og var i bruk fram til det babylonske fangenskapet. Somme av vasscisternene vert framleis fylte med vatn om vinteren.
Bakgrunnsstoff Mount Arif - published on the website of Midreshet Ben-Gurion
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Harif» frå , den 4. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Israel Kategori:Geografi i Det sørlege distriktet i Israel