Espen Henrik Skjønberg () var ein norsk skodespelar, kjend frå både teaterscene, fjernsyn og film.

Familie Foreldra hans var skodespelarane Henny og Eugen Skjønberg, medan Pål Skjønberg var bror hans. Espen Skjønberg var gift to gonger, andre gongen var med skodespelaren Mona Hofland frå 1959 til ho døydde i 2010. Sonen hans frå fyrste ekteskap er skodespelar og regissør Jo Skjønberg.

Teater Espen Skjønberg arbeidde ved norske teater, mellom anna Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Våren 2007 gjesta han igjen Nationaltheatret i rolla som Vladimir i suksessen Vente på Godot, som var inne i sin fjerde sesong ved teatret. Våren 2008 spelte han domaren i Henrik IV på Det Norske Teatret. I åra 2001–2004 turnerte han landet rundt med monologen «Grand Old Man» (skrive av Lars Saabye Christensen og regi Per Olav Sørensen) og vart hylla av publikum og kritikarane. Skjønberg var aktiv på Nationaltheatrets scene hausten 2012 i Kardemomme by som Tobias i tårnet.

Film og fjernsyn Skjønberg filmdebuterte allereie som 13-åring i 1937. Han hadde mange filmroller, mellom anna i filmane Secondløitnanten, O'Horten og En håndfull tid. Han spelte også i mange tv-seriar, mellom anna sentrale roller i Familiesagaen De syv søstre og Berlinerpoplene, og medverka i førjulsseriane Jul på Månetoppen og Jul i Blåfjell.

Filmografi En glad gutt (1932)«Hva annet skulle jeg gjøre enn å arbeide?», artikkel i seksjon 2, side 24 i Aftenposten, 26. august 2014 Fant (1937) De vergeløse (1939) Ukjent mann (1951) Dei svarte hestane (1951) Andrine og Kjell (1952) Vi vil skilles (1952) Skøytekongen (1953) Ung frue forsvunnet (1953) Portrettet (1954) Kasserer Jensen (1954) Arthurs forbrytelse (1955) Roser til Monica (1956) Stevnemøte med glemte år (1957) Hans Nielsen Hauge (1961) Faderen (1969) (TV) Vildanden (1970) (TV) Gråt, elskede mann (1971) Motforestilling (1972) Knut Formos siste jakt (1973) Vårnatt (1976) Arven (1979) Rallarblod (1979) Medmenneske (1981) TV-serie Forfølgelsen (1981) Krypskyttere (1982) Lars i porten (1984) Kong Lear (1985) TV-serie Codename: Kyril (1988) TV-serie Landstrykere (1990) Smykketyven (1990) En håndfull tid (1990) Kvitebjørn kong Valemon (1991) Secondløitnanten (1993) Svampe (1990) Trollsyn (1994) Drømspel (1994) Vestavind (1994) TV-serie Pakten (1995) Familiesagaen De syv søstre (1996) TV-serie Syndig sommer (1996) Jul i Blåfjell (1999) TV Serie Toy Story 2 (1999) Sofies verden (1999) Sofies verden (2000) TV-serie Jeg er Dina (2002) Jul på Månetoppen (2002) TV-serie Seks som oss TV-serie Min misunnelige frisør (2004) Berlinerpoplene TV-serie (2007) O'Horten (2007) Prøvetid (2008)

Prisar og utmerkingar Teaterkritikerprisen for 1954/55 Aamot-statuetten for 1980 Nationaltheatrets Venners ærespris i 1984 Norsk kulturråds ærespris i 1989 Amandaprisen 1994 i klassen beste mannlege houvudrolle for Secondløitnanten Oslo bys kunstnerpris 1998 Amandaprisens ærespris 2004 Heddaprisen 2005 Kommandør av St. Olavs Orden i 2007 Amandaprisen 2008 i klassen beste mannlege birolle for rolla i Bent Hamers film O'Horten Gullruten 2009 i klassen beste mannlege skodespelar for rolla i Berlinerpoplene

Referansar

Bakgrunnsstoff Espen Skjønberg ved IMDb.com

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Gullruten Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Amandakomiteens Ærespris Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris