Alfred Adolf Oerter, kjend som Al Oerter (), var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som tevla i diskoskasting. Han vart olympisk meister i øvinga fire gongar på rad i tida 1956-68. Sin personlege rekord på 69,46 meter sette han som 43-åring i 1980.
Aktiv Oerter kom til Sommar-OL 1956 med personbeste 55,90 m. I finalen i Melbourne flytta han den personlege rekorden til 56,36 meter og viste landsmannen, favoritten Fortune Gordien til sølvplass. I løpet av 1957 forbetra Oerter rekorden sin til 57,78 m, årsbeste i verda. To år seinare nådde han 58,12 m då han sigra i dei panamerikanske leikane. Midt i mai 1960 forbetra han den personlege rekorden til 59,17 m. Den 7. september i Roma la han til 1 centimeter og tok sitt andre OL-gull med 59,18 m, verdsrekordhaldaren Rink Babka vart slått med over ein meter og fekk sølv.
18. mai 1962 sette Oerter verdsrekord med eit kast på 61,10 meter i Los Angeles. Rekorden rauk drygt 2 veker etter då Vladimir Trusenjov frå Sovjetunionen kasta 61,64 m. Han fekk vere verdsrekordhaldar i 4 veker, ettersom Oerter i landskamp mot Polen i Chicago den 1. juli tok tilbake verdsrekorden med eit kast på 62,45 meter. I april 1963 flytta han verdsrekorden til 62,62 m i Walnut. Temmeleg nøyaktig eitt år på same staden auka han rekordlengda til 62,94 m, hans fjerde verdsrekord.
2. august 1964 sette Ludvík Daněk frå Tsjekkoslovakia ny verdsrekord med 64,55 m og framstod som den største favoritten før Sommar-OL i Tokyo. I Japan sigra derimot Oerter og tok si tredje gullmedalje med 61,00 m, Daněk kom ein knapp halvmeter bakom. Oerter forbetra i 1966 sitt personbeste til 63,22 meter. OL-sesongen 1968 lukkast han kvalifisere seg til dei olympiske leikane i Mexico-byen. Han kom til leikane med ein årsbeste på 62,74 m, og høyrde ikkje til dei fremste medaljekandidatane. Lothar Milde frå Aust-Tyskland tok leiinga i fyrste omgang og auka til 63,08 m i den andre. I den tredje omgangen smekka Oerter til med 64,78 meter. Dermed vart han den fyrste friidrettsutøvaren som vann gullmedalje i fire etterfylgjande olympiske leikar.
Åra 1969 til –76 deltok Oerter ikkje i idrettstevlingar. Han kom tilbake på idrettsbana i 1977 og flytta i løpet av 1979 sitt personbeste diskoskast til 68,76 m i Scotch Plains i New Jersey. 31. mai 1980 kasta han livsbeste 69,46 meter i Wichita. Han prøvde å kvalifisere seg til Sommar-OL i Moskva, men enda som fjerdemann. Det spela lita rolle, då USA valde boikotte leikane.
Oerter slutta trene diskoskasting i 1986, 50 år gammal.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1956 i Melbourne: Gullmedalje – 56,36 m, framom Fortune Gordien (54,81 m) OL 1960 i Roma: Gullmedalje – 59,18 m, framom Rink Babka (58,02 m) OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje – 61,00 m, framom Ludvík Daněk (60,52 m) OL 1968 i Mexico-byen: Gullmedalje – 64,78 m, framom Lothar Milde (63,08 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Oerter» frå , den 7. oktober 2014.
World Athletics
Kategori:Diskoskastarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968