Irina Natanovna Press () var ein sovjetisk friidrettsutøvar, fødd i Kharkiv, som tevla internasjonalt i mangekamp, hekkeløp, sprint og kulestøyt. Ho vart olympisk meister i 80 meter hekk i 1960 og i femkamp i 1964. Tamara Press var systera hennar.

Aktiv Irina Press fekk sitt gjennombrot under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma. Ho vann då 80 meter hekk på tida 10,8 sekundar, ein tidels sekund føre britiske Carole Quinton. Seinare i leikane spurta ho Sovjetunionen sitt lag på 4x100 meter stafett inn til fjerdeplass. I 1962 deltok ho femkamp i friidetts-EM i Beograd, men braut etter fire øvingra.

Under sommarleikane 1964 i Tokyo var Press fullstendig overlegen i femkampen, som då var ny øving i OL-samanheng. Ho sette verdsrekord med 5 246 poeng og slo sølvmedaljøren Mary Rand med over 200 poeng. I kuletevlinga vart ho nummer seks med 16,71 m, systera Tamara vann gullmedaljen med 18,14 meter.

Ved den fyrste europacupen for kvinner i 1965 forbetra Irina Press verdsrekorden på 80-meter hekk til 10,4 sekundar. Tevlingane vart avvikla i Kassel i Tyskland.

Ho la opp brått i 1966, noko som førte til spekulasjonar om hennar kjønn.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Irina Press» frå , den 9. oktober 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Sovjetiske mangekjemparar Kategori:Sovjetiske sprintarar Kategori:Sovjetiske kulestøytarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964