Jelena Vladimirovna Slesarenko, fødd Sivusjenko (), er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Volgograd som tevla i høgdehopp.
Aktiv Slesarenko slo gjennom i 2004 då ho vann innandørs-VM med 2,04 m. I sommarsesongen same året gjekk ho heilt til topps i høgdetevlinga under Sommar-OL i Aten. Ho tok alle høgder til og med 2,06 meter i fyrste forsøk. Då sigeren var klar gjorde ho tre forgjeves forsøk på verdsrekordhøgda 2,10 m.
Etter ho gjekk skadd i 2005 var ho i 2006 tilbake og tok gullmedaljen i innandørs-VM med eit hopp på 2,02 m. Ho vart så nummer fem i europameisterskapen i Göteborg i 2006, der ho vart ståande med 1,99 m i resultatlista.
Både under VM i friidrett 2007 i Osaka og sommar-OL 2008 i Beijing enda Slesarenko på fjerdeplassen, etter høvesvis 2,00 meter i Osaka og 2,01 m i Beijing. Enno ein fjerdeplass fekk ho i friidretts-VM 2011 i Daegu med 1,97 m.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yelena Slesarenko» frå , den 10. oktober 2014.
World Athletics
Kategori:Russiske høgdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Volgograd