Even Sapir (hebraisk skrift אֶבֶן סַפִּיר) er ein moshav i utkanten av Jerusalem i Israel. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 679.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Kurdistan. Han vart kalla opp etter Even Sapir, ei bok skriven i 1864 av Yaakov Halevi Sapir, ein rabbi og sendebod frå Jerusalem. Boka skildrar reisa hans til Jemen på 1800-talet.A Journey to Teman

I følgje ei anna kjelde er moshaven kalla opp etter Pinchas Sapir, ein finansminister i Israel, som oppfordra jødiske forretningsmenn frå diasporaen til å investere i Palestina og den gryande staten.Judean mountains

Nord for moshaven ligg Johannes i villmarka-klosteret og ei grotte som er knytt til Johannes døyparen.Go with the flow, Jerusalem Post]

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Even Sapir» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kurdisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1950 i Israel