Kristin Fridtun () er ein norsk forfattar, skribent og tidegare skihoppar frå Elverum. Ho skriv fast i Dag og Tid.
Skihoppkarriere Fridtun tok i 2003 tredjeplassen i NM, og i 2004 var ho med på vinnarlaget i lagkonkurransen i junior-VM i Stryn. Ho la opp i 2006 etter å ha teke del i kontinentalcupen i skiskyting same året.
Målsak og forfattarskap Fridtun byrja å skriva nynorsk i 2006. I 2010 laga ho eit nettkurs i nynorsk saman med NTNU. Fyrste boka, Norsk etymologisk oppkok, kom i 2012. Ho handlar om etymologien til kvardagsord. Andre boka, Nynorsk for dumskallar, kom i 2013 og er ei lærebok i nynorsk. Fridtun fekk Utmerkingar Språkprisen (2019). Bokhandelens sakprosapris (2016) Språkgledeprisen (2016) Volumstipendet (2013)
Bøker Króka-Refs saga – ein bokleg revkrok? – masteroppgåve (2011) Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om (2012) Nynorsk for dumskallar (2013) Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay (2015) Homoflokar (2018) Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt (2019) Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Kvifor gjer me det, og har det noko for seg? (2021) Klok kvinne eller digg dame? Eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing (2023), Det Norske Samlaget
Bakgrunnsstoff
Nynorskkurs med Kristin Fridtun på Youtube Kristin Fridtun si nettside Kristin Fridtun i Forfatterkatalogen Kristin Fridtun på Samlaget sine sider Intervju med Kristin Fridtun i Universitetsavisa
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske skihopparar