Halldor Espelid () var ein norsk krigsflygar frå Askøy.

I september 1940 rømde Espelid med båt til England og fekk flygarutdanning der og i Canada. I 1942 vart flyet hans skote ned, og han vart teken til fange. Dagbladet publisert 24.10.2013. Espelid deltok i den vidgjetne flukta frå Stalag Luft III (i dagens Polen), og saman med Nils Jørgen Fuglesang kom han seg til Flensburg før dei vart arresterte. Hitler skal ha vorte rasande over flukta, og gav ordre om at alle fangane skulle avrettast, i strid med Genève-konvensjonen. Espelid og Fuglesang vart skotne bakanfrå for å få det til å sjå ut som om dei vart skotne under fluktforsøk.Aftenposten 15.12.2013.

Halldor Espelid var bror til Ingrid Espelid Hovig og Mons Espelid.

Forteljinga om flukta vart filmatisert som Den store flukten i 1963.

Kjelder

Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk avretta ved skyting Kategori:Folk frå Askøy