Tiberias (hebraisk טְבֶרְיָה, Tveria, Tiveria; arabisk طبرية, Ṭabariyyah; gresk Τιβεριάς, Tiberiás) er ein by på vestsida av Genesaretsjøen i Nedre Galilea i Israel. Han vart grunnlagd i år 20 evt. og kalla opp etter keisar Tiberius.Josefus, Antiquities of the Jews XVIII.2.3

Tiberias vart æra i jødedom frå midten av 100-talet evt. og sidan 1500-talet har han vorte rekna som ein av dei fire heilage byane i jødedomen, i lag med Jerusalem, Hebron og Safed.Jewish Encyclopedia: Tiberias På 100- til 900-talet var Tiberias den største jødiske byen i Galilea og det politiske og religiøse knutepunktet for jødar i Palestina. Han har vore kjend for varmekjeldene, som skal vere bra for hudsjukdommar og andre sjukdommar, i tusenvis av år.Health and Wellness Turisme: Spas and Hot Springs, Patricia Erfurt-Cooper and Malcom Cooper

I følgje Statistisk sentralbyrå i Israel (CBS), hadde byen i desember 2011, 41 700 innbyggjarar.

Historie mini|venstre|Det skeive tårnet i Tiberias

Romartida Tiberias vart grunnlagd kring 20 evt. i Det herodiske tetrarkiet i Galilea og Perea av den romerske vasallkongen Herodes Antipas, son av Herodes den store. Herodes Antipas gjorde han til hovudstad i Galilea og kalla han opp etter den romerske keisaren Tiberius. Byen var bygd som ein kurstad og voks fram kring 17 naturlege mineralkjelder. Han var hovudsakleg busett av jødar. I følgje jødisk munnleg tradisjon, er Tiberias bygd på staden til den israelittiske og seinare jødiske landsbyen Rakkat, som først er nemnd i Josva.Jewish EncyclopediaJosva 19:35 I Talmud-tida kalla jødane han framleis for Rakkat.Babylonian Talmud, Tractate Megillah 5b Den romersk-jødiske historikaren Josefus kalla landsbyen med varmekjeldende Emmaus, som låg nær Tiberias. Dette namnet finst òg i Jødekrigane.Josefus, Flavius, The Jewish Wars, translated by William Whiston, Book 4, chapter 1, para 3

I tida til Herodes Antipas, nekta somme av dei mest religiøse jødane å slå seg ned der, fordi ein gravplass i nærleiken gjorde staden rituelt urein for prestekasten. Antipas flytta inn mange ikkje-jødar der frå landsbygda i Galilea og andre delar av riket sitt, for å folkesetje den nye hovudstaden sin, og bygde eit palass på akropolisen i byen. Tiberias fekk så høg prestisje at Genesaretsjøen etter kort tid vart kalla Tiberiassjøen, men jødane valde å framleis bruke det tradisjonelle namnet. Byen vart styrt av eit byråd på 600 med ein komite på 10 fram til 44 evt., då ein romersk Procurator vart sett til å styre byen etter Herodes Agrippa I døydde.

Under Romarriket vart byen kjend under det greske namnetΤιβεριάς (Tiberiás), ei tilpassing av den semittiske forma. I 61 evt. annekterte Herod Agrippa II byen til kongedømet sitt, der Caesarea Phillippi var hovudstad.Winter, Dave (1999) Israel Handbook: With the Palestinian Authority Areas Footprint Travel Guides, ISBN 1-900949-48-2, s. 660-661 Under den første jødisk-romerske krigen tok Josefus Flavius kontroll over byen og øydela palasset til Herodes, men klarte å stoppe byen frå å bli plyndra av den jødiske armeen sin (som støtta Roma).Crossan, John Dominic (1999) Birth of Christianity: Discovering What Happened in the Years Immediately After the Execution of Christ Continuum International Publishing Group, ISBN 0-567-08668-2 p 232 Medan dei fleste andre byane i provinsane Iudaea, Galilea og Iudemea vart rasert, vart Tiberias spart fordi innbyggjarane var lojale mot Roma, etter Josefus Flavius hadde overgjeve byen til den romerske keisaren Vespasian.The Land and the Book: Or, Biblical Illustrations Drawn from the Manners and Customs, the Scenes and Scenery, of the Holy Land By William McClure Thomson Published by Harper & brothers, (1860) p 72 Han vart ein blanda by etter Jerusalem falt i 70 evt., og med Judea underlagt, flytta den sørlege jødiske folkesetnaden til Galilea.Safrai Zeev (1994) The Economy in Roman Palestine Routledge, ISBN 0-415-10243-X p 199Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 By Edward Robinson, Eli Smith Published by Crocker & Brewster, 1841 p 269 mini|venstre|Den romerske porten mini|venstre|Restar av ein krossfararport.

Etter den store utvisinga av alle jødar frå Jerusalem etter 135 evt., vart Tiberias og nabobyen Sepphoris eit stort jødisk kultursenter.

I 145 evt. vart «byen reinsa for rituell ureinleik» av rabbinaren Shimon bar Yochai, slik at leiarane av folket kunne busetje seg der, frå provinsen Judea, der dei vart haldne fangar. Sanhedrin, den jødiske domstolen, flykta òg frå Jerusalem under det store jødiske opprøret mot Romarriket, og etter å ha leita etter eit område med stabilitet, slo dei seg til slutt ned i Tiberias kring 150 evt.Mercer Dictionary of the Bible Edited by Watson E. Mills, Roger Aubrey Bullard, Mercer University Press, (1998) ISBN 0-86554-373-9 p 917 Han var den siste møtestaden før det vart oppløyst tidleg i bysantinsk tid. Frå tida då Yochanan bar Nafcha (d. 279) slo seg ned i Tiberias, vart byen eit senter for jødisk lære i landet. Mishnah i lag med Jerusalem Talmud, vart truleg kompilert i Tiberias av rabbinaren Judah haNasi kring 200 evt. Dei 13 synagogene tente det andelege behovet til den veksande jødiske folkesetnaden.

Bysantinsk styre På 500-talet var Tiberias framleis eit senter for jødisk lære. I lys av dette skreiv biskopen Simeon frå Beth Arsham til dei kristne i Palestina og bønfall dei om å ta dei jødiske leiarane i Tiberias, sette dei på strekkbenken, og tvinge dei til å kommandere den jødiske kongen Dhu Nuwas om å stoppe å forfølgje dei kristne i Najran.Jewish Encyclopedia: Tiberias

I 614 var Tiberias åstad for det siste det jødiske opprøret mot Austromarriket, og delar av den jødiske folkesetnaden støtta dei persiske fiendane. Det jødiske opprøret vart betalt av Benjamin av Tiberias, som var særs rik. I følgje kristne kjelder vart kristne massakrerte og kyrkjer øydelagde under opprøret. I 628 kom den bysantinske armeen attende til Tiberias då dei jødiske opprørarane gav seg og den persiske okkupasjonen enda, etter dei vart slått i slaget ved Nineveh. Eit år seinare, inspirert av radikale, kristne munkar, sette keisar Heraklios i gang ein omfattande massakre av jødane, som i praksis tømde Galilea for jødar, medan dei overlevande flykta til Egypt.

Arabisk styre Tiberias, eller Tabariyyah på arabisk, vart erobra av Shurahbil i «år 13» (634) ved at byen kapitulerte. Halvparten av husa og kyrkjene skulle gå til muslimane, den andre halvparten til dei kristne.Le Strange, Guy: Palestine under the Moslems. London, 1890. s. 340 Frå 636 var Tiberias regionssenter, fram til Bet Shean overtok den rolla, etter erobringa til Rashidun. Kalifatet let 70 jødiske familiar frå Tiberias danne kjernen i eit nytt jødisk samfunn i Jerusalem og Tiberias vart mindre viktig for jødane. Kalifane frå omajadane bygde eit av dei firkanta palassa ved breidda av innsjøen, nord for Tiberias, ved Khirbat al-Minya. Tiberias fekk nytt liv i 749, etter at Bet Shean vart øydelagdi eit jordskjelv. Ein imponerande moské, 90 meter lang og 78 meter brei, som liknar på Den store moskeen i Damaskus, vart reist ved foten av Berenike, ved sidan av ei bysantinsk kyrkje, sør i byen. 700-talet vart gullalderen for Tiberias, som då var multikulturell og kanskje den mest tolerante byen i Midtausten.Nir Hasson, 'In excavation of ancient mosque, volunteers dig up Israeli city's Golden Age,' at Haaretz, 17. august 2012. Jødiske lærte treivst frå byrjinga av 700-talet til slutten av 900-talet, då den munnlege traidsjonen av gammal hebraisk, som framleis er i bruk i dag, vart kodifisert. mini|venstre|Ruinar av eit romersk teater. mini|Hamat Tiberias synagogegolv. Den arabiske geografen al-Muqaddasi skreiv i 985 at Tiberias var ein hedonistisk by påverka av varme. «I to månader dansar dei, i to månader sluker dei i seg mat, i to månader smekker dei, i to månader går dei nakne, i to månader spelar dei fløyte og i to månader velter dei seg i gjørma.» Som «hovudstaden i Jordan provins, og ein by i ein dal i Kanaan, er byen smal, varm om sommaren og usunn. Det er åtte naturlege varmebad her, der ein ikkje treng brensel, og mange mange basseng med kokande vatn. Moskéen er stor og fin, og står på marknadsplassen. Golvet er lagt i småstein, sett på steinfat, plassert tett inntil kvarandre.» I følgje Muqaddesi kom dei som leid av skabb eller magesår, og andre slike sjukdomar, til Tiberias for å bade i varmekjeldene i tre dagar. «Etterpå dupper dei seg i ei anna kjelde, som er kald, og så er dei blitt friske.»Muk. s.161 og 185, sitert i Le Strange, Guy: Palestine under the Moslems. London, 1890, s. 334-7

I 1033 vart Tiberias øydelagd av eit jordskjelv. Eit nytt jordskjelv i 1066 velta den store moskeen.Nir Hasson, 'In excavation of ancient mosque, volunteers dig up Israeli city's Golden Age,' at Haaretz, 17. august 2012.

Nasir-i Khusrou vitja Tiberias i 1047, og skreiv at byen hadde ein «kraftig mur», som byrjar ved innsjøen og går heilt rundt byen, utanom på vassida.Le Strange, Guy: Palestine under the Moslems. London, 1890. s. 336-7

Krossfarartida mini|Restaurert historisk bygning i Tiberias. Under det femte krosstoget vart Tiberias okkupert av frankarane som kort tid etter erobra Jerusalem. Byen vart gjeven i len til Tancred, som gjorde han til hovudstad i fyrstedømet Galilea i kongedømet Jerusalem. Regionen vart stundom kalla fyrstedømet Tiberias, eller Tiberiad.Richard, Jean (1999) The Crusades c. 1071-c 1291, Cambridge University Press, ISBN 0-521-62369-3 p 71 I 1099 vart staden der byen opphavleg låg fråflytta, og busetnaden flytta seg nordover til dagens plassering. St. Peterskyrkja, som først vart bygd av krossfararane, står framleis i dag, sjølv om bygningen er blitt endra og ombygd i løpet av åra.

På byrjinga av 1100-talet talde det jødiske samfunnet i Tiberias kring 50 familiar, og på den tida vart dei beste manuskripta av Toraen sagt å vere her. På 1100-talet fekk byen negative undertonar i islamsk tradisjon. Ein hadith skriven ned av Ibn Asakir frå Damaskus (d. 1176) omtalar Tiberias som ein av «fire byar frå helvete» Dette kan ha kome av at byen på den tida hadde ein større, ikkje-muslimsk folkesetnad.

I 1187 gav Saladin odre til sonen sin al-Afdal om sende eit sendebod til grev Raymond av Tripoli for å be om trygg ferdsel gjennom lenet hans i Galilea og Tiberias. Raymond var forplikta til å etterkome ønsket etter avtalen han hadde med Saladin. Styrkane til Saladin forlet Caesarea Philippi for å kjempe mot Tempelriddarane. Tempelriddarane vart slått i dette møtet. Saladin kringsette Tiberias og byen falt etter seks dagar. Den 4. juli 1187 slo Saladin krossfararane som kom for å hjelpe Tiberias i slaget ved Hattin, 10 km utafor byen.Wilson, John Francis. (2004) Caesarea Philippi: Banias, the Lost City of Pan I.B.Tauris, ISBN 1-85043-440-9 p 148 Under det tredje krosstoget, dreiv krossfararane muslimane ut av byen og okkuperte han på ny.

Rabbinaren Moshe ben Maimon, (Maimonides) òg kalla Rambam, ein leiande jødisk rettsvitskapsmann, filosof og lækjar i perioden, døydde i 1204 i Egypt og vart seinare gravlagd i Tiberias. Grava hans er ein av dei viktige pilegrimsstadane i byen. mini|venstre|Grava til Rambam i Tiberias. Yakut skreiv i 1220-åra om Tiberias som ein liten by, lang og smal. Han skildra òg dei varme, salte kjeldene, som det er bygd bad over.

I 1265 vart krossfararane drivne ut av byen av mamlukkane, som styrte Tiberias fram til den osmanske erobringa i the Ottoman conquest in 1516.

Osmansk tid mini|Tiberias hamn