MF «Kvam» er ei bilferje levert frå Bolsønes Verft i Molde i mai 1977 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og gjekk inn i ruta Sagvåg-Siggjarvåg mellom Stord og Bømlo. Sidan 2008 har ferja gått i ruta Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya.

I 1989 vart det bygd hengedekk og ho kunne då ta 65 personbilar, 15 bilar meir enn tidlegare.

Ferja har vore i flåten til HSD, HSD Sjø, Tide Sjø og Norled heile vegen.

Rutesamband 1977 - 1998: Sagvåg-Siggjarvåg, òg Halhjem-Sandvikvåg 1984 og mai 1985 til april 1986: Valevåg-Skjersholmane 1998-2001: Skånevik-Matre-Utåker 2001-2003: Leirvik-Ranavik-Sunde 2003: Skjersholmane-Ranavik-Sunde 2003-2006: Reserveferje 2006-2007: Jondal-Tørvikbygd Sidan 2008: Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya

Kjelder Skipet.no «Kvam» på Fjordfähren (tysk)

Bakgrunnsstoff «Fjærlandsfjord» på marinetraffic.com

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1977 Kategori:Skip bygde ved Bolsønes Verft Kategori:1977 i Noreg