«Industrial Disease» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits skriven av Mark Knopfler. Songen vart gjeven ut på albumet Love over Gold i 1982.

Songen vart gjeven ut som singel i USA og som ei sjeldan B-side til «Private Investigations» på kassett i Storbritannia. B-sida til den amerikanske versjonen av «Industrial Disease» var «Solid Rock» frå det førre albumet til Dire Straits, Making Movies.

Tyding Songen ser på nedgangen i britisk produksjonsindustri tidleg i 1980-åra, og fokuserer på streik, depresjon og dysfunksjonalitet. Til dømes, det absurde i mediadrivne sjukdomar vert lagt ut i et segment av songen som skildrar forteljaren som vitjar eit legekontor for behandling av hans «Industrial Disease».

Referansen til «Brewer's Droop» som ein medisinsk tilstand er ein intern spøk, som syner både til effekten alkohol har på libidoen og til bandet med sasme namn som Mark Knopfler spelte i før han starta Dire Straits.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Industrial Disease» frå , den 20. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler