Sunnfjord sorenskriveri var eit av fire sorenskrivarembete i Sogn og Fjordane fylke. Embetet vart oppretta i 1625 og bestod då av skipreida Askvoll, Ytre Dale, Indre Dale, Førde, Jølster og Brandsø.

Ved kongeleg resolusjon av 9. juni 1821 vart Svanø birkedommerembete (oppretta 1685) ein del av sorenskriveriet. Ved kongelig resolusjon av 20. november 1869 vart Bremanger prestegjeld skilt ut frå Brandsø tinglag for å utgjere eit eiget, Bremanger tinglag.

Ved kongeleg resolusjon av 2. september 1899, med verknad frå 1. januar 1901, vart Førde tinglag delt i to; Førde og Naustdal.

Ved kongeleg resolusjon av 22. juni 1922 vart handelsregisterforretningane i ladestaden Florø frå 1. juli same år lagt til Sunnfjord sorenskriveri.

I 2002 skifta embetet namn til Sunnfjord tingrett. Frå 1. januar 2005 vart Sunnfjord tingrett slått saman med Nordfjord sorenskriveri og dei vestre kommunane i Ytre Sogn sorenskriveri til Fjordane tingrett.

Sorenskrivaren i Sunnfjord haldt til i Førde frå 1852, men hadde òg sete der i perioden 1727-1745. Han har og hatt tilhald på Fure, Dale og i Åfjorden.

Sorenskrivarar 1625: Peder Jørgensen 1636-1649: Laurits Michelsen 1649-1651: Peder Lauritsen Horsens 1651-1656: Jørgen Poss 1656-1669: Hans Clausen 1670-1708: Christian Hansen Rue 1708-1727: Hans Schwartskopf 1727-1745: Ouden Widerø 1745-1762: Jacob Mathiasen Ravn 1762-1793: Hans Arentz 1793-1798: Andreas Rogert 1798-1803: Iver Christian Aarøe 1803-1805: Ludvig Rennord 1807-1808: Eiler Hagerup Schiøtz 1808-1852: Nils Landmark 1852-1879: Christen Chr.sen Elster 1880-1899: Fredrik Martin B. Steen 1900-1903: Christian Fredrik B. Steen 1903-1918: Ernst Georg Wolff Moss 1918-1920: Kristen Simonsen 1920-1930: Tarald Andreas Lundevall 1930-1936: Øyvind Johan N. Myrdahl 1936-1945: Fridtjof Krogh 1946-1968: Einar Magnus Stavang 1968-1980: Torjus A. Lundevall 1980-2007: Bjarte Eikeset 2007-: Terje Mowatt

Arkivet Arkivet til Sunnfjord sorenskriveri er avlevert til Statsarkivet i Bergen, og strekker seg frå 1663 og fram til ca. 1980. I arkivet kan ein mellom anna finne materiale vedrørande tinglysing, skifte, rettargang, firma- og handelsregistrering og auksjonar.

Bakgrunnsstoff Fjordane tingrett

Kjelder Arkivkatalog, Sunnfjord sorenskriveri, Statsarkivet i Bergen Næss, Hans Eyvind Næss (red.). For rett og rettferdighet i 400 år - sorenskriverne i Norge 1591-1991. 1991. Stavanger.

Kategori:Sorenskriveri i Noreg