Brottbergkall (Cinclodes taczanowskii) er ein sporvefugl i omnfuglfamilien.
Brottbergkallen er ein bergkall på 21 cm og kroppsvekt på rundt 63 gram. Fjørdrakta er gjennomgåande mørk brun, men strupeområdet lysare gråbrunt.
Denne fuglen er endemisk for Peru og lever utelukkande i sjøkanten. Han føretrekker å beite på smådyr i fjæresona der bølgene slår over stein og berg med algar.
Arten er vurdert som livskraftig med stabil populasjon.
Kjelder BirdLife International (2014) Species factsheet: Cinclodes taczanowskii. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. oktober 2014. Schulenberg, Thomas S., and Guy M. Kirwan. 2013. Long-tailed Cinclodes (Cinclodes pabsti), Neotropical Birds Online (T. S. Schulenberg, Editor). Ithaca: Cornell Lab of Ornithology; henta den 26. oktober 2014 Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9
Bakgrunnsstoff Bilete av brottbergkall, Flickr.com
Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Peru