MF «Skutvik», seinare MF «Rosendal» og i dag MF «Lady of Manoag 2» er ei bilferje levert frå Kaarbøs mek. Verksted i Harstad i juli 1969 til Vesteraalens Dampskibsselskab i Stokmarknes. Ho gjekk i ruta mellom Skutvik og Svolvær via Skrova. I juli 1987 fekk ferja namnet «Skutvik II» og i januar 1988 vart ferja overteken av Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab i Narvik.
Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) kjøpte ferja i juli 1988 og gav ho namnet «Rosendal».
I september 1996 vart ferja seld utanlands til Jomarias International Corp. på Filippinane. Ho fekk då namnet «Michael Joseph I». I 2006 vart ho omdøypt «Lady of Manoag 2». I 2011 er ferja framleis i fart, men det er ikkje lenger mogeleg å finne IMO i 2014.
Ferjesamband 1969 - 1988: Skutvik-Svolvær, frå 1987 som sommarferje. 1988 - 1995: Stora Kalsøy-Hundvågøy-Sund (Sotra) 1996: Andenes-Gryllefjord (utleigd)
Kjelder Skipet.no «Hordaland» på Fjordfähren (tysk)
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Nordland Kategori:VDS-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1969 Kategori:Skip bygde ved Kaarbøs mek. Verksted Kategori:1969 i Noreg