Serbia debuterte som sjølvstendig nasjon i Junior Eurovision Song Contest i 2006, då tevlinga vart halden i Bucuresti i Romania. I 2005 deltok dei som ein del av Serbia og Montenegro. Etter at Serbia og Montenegro vart oppløyst, bestemte den serbiske kringkastaren RTS at dei ville halde fram deltakinga i Junior Eurovision Song Contest. Deira fyrste bidrag som sjølstendig nasjon var med gruppa Neustrašivi učitelji stranih jezika. Songen deira, «Učimo strane jezike», inneheldt heile åtte språk. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Izbor za dečju pesmu Evrovizije, arrangert av kringkastaren RTS.

I 2011 valde Serbia å ta ein pause frå tevlinga.

I 2014, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tre år, vende Serbia attende. Dei valde å gjennomføre ei intern utveljing, og Emilija Đonin blei serbisk representant på Malta med songen «Svet u mojim očima».

Bidrag i Junior Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Poeng Plass 2006 Neustrašivi učitelji stranih jezika «Učimo strane jezike» Serbisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, spansk, russisk og japansk 81 5 2007 Nevena Božović «Piši mi» Serbisk 120 3 2008 Maja Mazić «Uvek kad u nebo pogledam» Serbisk 37 12 2009 Ništa Lično «Onaj pravi» Serbisk 34 10 2010 Sonja Škorić «Čarobna noć» Serbisk 113 3 2014 Emilija Đonin «Svet u mojim očima» Serbisk 61 10 2015 Lena Stamenković «Lenina pesma» Serbisk 79 7 2016 Dunja Jeličić «U la la la» Serbisk 14 17 2017 Irina Brodić og Jana Paunović «Ceo svet je naš» Serbisk 92 10 2018 Bojana Radovanović «Svet» Serbisk 30 19 2019 Darija Vračević «Podigni glas» Serbisk og engelsk 109 10 2020 Petar Aničić «Heartbeat» Serbisk og engelsk 85 11 2021 Jovana og Dunja «Oči deteta» Serbisk 86 13 2022 Katarina Savić «Svet bez granica» Serbisk 92 13

Røystehistorikk

+ Serbia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 1 87 2 79 3 74 4 66 5 52

+ Serbia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 1 100 2 48 3 39 4 35

Galleri

Sjå òg Serbia i Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Junior Eurovision Song Contest

Kjelder Serbia i Junior Eurovision Song Contest Denne artikkelen bygger på «Serbia in the Junior Eurovision Song Contest» frå , den 30. oktober 2014.

Kategori:Land i Junior Eurovision Song Contest