MS «Vøringen», i dag MS «Kostervind» er ein snøggbåt levert frå Oma Båtbyggeri på Stord 24. juni 1995 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Båten vart sett i rute i Hardanger, og nokre år seinare i Austevollsruta. I 2007 vart båten lagt i opplag og gjekk i sommarrute Norheimsund - Herand - Utne - Lofthus - Kinsarvik - Ulvik - Eidfjord. I mars 2010 gjekk båten inn som reserve i sørlege Flaggruten for MS «Tidebris» i ei veke. I desember 2011, og igjen i mars 2012 gjekk båten i rute Hareid-Valderøy-Ålesund. Sommaren 2012 gjekk båten igjen i rute i Hardangerfjorden.
Båten har vore i flåten til HSD, Tide Sjø og Norled fram til april 2014, då han vart selt til Koster Marin i Strömstad i Sverige. Her fekk han namnet «Kostervind» og vart klargjort for nye eigarar hos Oma Slipp på Stord.
Kjelder Skipet.no Vøringen på Norsk Hurtugbåthistorie
Bakgrunnsstoff «Vøringen» på marinetraffic.com
Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1995 Kategori:Skip bygde ved Oma Båtbyggeri Kategori:1995 i Noreg