mini|«Sæterreisen» av Adolph Tidemand. Frå Nasjonalbiblioteket mini|Forsida av Norske Folkelivsbilleder av Caspar Scheuren etter Adolph Tidemand, 1854-utgåva. Frå Nasjonalbiblioteket Norske Folkelivsbilleder er eit biletverk av Christian Tønsberg som kom ut i tre forskjellige utgåver i 1854, 1858 og 1861.
Verket viser reproduksjonar av norsk natur og miljø laga av kjende norske målarar. Måleria vart reprodusert som fargelitografiar og trykt i Tyskland.
Norske Folkelivsbilleder hadde tekstar på tre forskjellige språk og vart slik òg retta mot den europeiske marknaden. Plansjeverket målte 53 cm x 40 cm og var meint å skulle liggje framme på stovebordet.
Første og andre rekkje inneheld tolv bilete med tolv tekstar, den siste har fire bilete og fire tekstar. I første rekkje er det i hovudsak Adolph Tidemand som har levert bileta, andre kunstnarar var Hans Gude, Knud Bergslien og Johan Fredrik Eckersberg. Tekstane vart forfatta av Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe, Johan Sebastian Welhaven og Ivar Aasen.
Sjå òg Norge fremstillet i Tegninger Kjelder Cecilie Boge: Nasjonsbyggar eller sosial klatrar? Chr. Tønsberg og Norske Folkelivsbilleder, hovedoppgave i historie - Universitetet i Bergen, 2001 digital utgåve Denne artikkelen bygger på «Norske Folkelivsbilleder» frå , den 4. november 2014, revisjon 13214561.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske bøker Kategori:Sakprosabøker Kategori:Bøker frå 1854 Kategori:Bøker frå 1858 Kategori:Bøker frå 1861