Magnar Sætre () var ein norsk typograf og politikar, fødd i Bergen, som representerte Rogaland og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1989 til 1997.

Sætre var utdanna typograf og arbeidde i eit par firma før han fekk jobb i Haugesunds Avis i 1968. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, representerte Arbeidarpartiet i Haugesund bystyre 1971-75 og var formann i Haugesund Arbeidarparti 1972-74, seinare også 1985-87. Hausten 1975 vart han vald inn i Rogaland fylkesting og hadde plass i dette organet til han i 1989 fekk plass på Stortinget. I sine år på fylkestinget var han 1980-88 styreleiar for Rogaland psykiatriske sjukehus, og deretter i eitt år leiar av Sektorstyret for somatiske sjukehus. 1987-89 leidde han Likestillingsutvalet i Rogaland.

Som vararepresentant for Arbeidarpartiet og Rogaland til Stortinget i valbolken 1985-89 møtte Sætre på Tinget eit par gongar. Frå 1989 hadde han fast sete på Stortinget og vart attvald i 1993. I den fyrste perioden var han medlem av Forbrukar- og administrasjonskomitéen, medan han i den andre var medlem av Samferdselskomitéen og av Valkomitéen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Norske typografar