Ikkje-småcella lungekreft omfattar all epitel lungekreft, med unntak av småcella lungekreft. Denne typen står for kring 85 % av alle tilfelle av lungekreft. Ikkje-småcella lungekreft omfattar så kategoriane adenokarsinom (60 %), plateepitelkarsinom (25 %) og storcella karsinom.

Desse krefttypane er forholdsvis uømfintlege for kjemoterapi samanlikna med småcella lungekreft. Kreften vert handsama med kirurgisk reseksjon såframt det mogleg, sjølv om kjemoterapi er stadig meir brukt både preoperativt (neoadjuvant kjemoterapi) og postoperativt (adjuvant kjemoterapi).

Sjå òg Småcella lungekreft Lungekreft

Kjelder

Kategori:Lungekreft