Martina Ertl-Renz () er ein tysk tidlegare alpinist frå Lenggries i Bayern som vann to gullmedaljar i VM i alpine greiner, i høvesvis kombinasjonen i 2001 og i lagtevlinga i 2005. Ho vart nummer to i verdscupen i alpine greiner i både 1996 og 1998.
Aktiv Ertl tok bronsemedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1993 i Morioka i Japan. Ho fekk sitt definitive gjennombrot i 1994-sesongen med OL-sølv på Lillehammer og sin fyrste verdscupsiger på tampen av sesongen i Vail i USA, storslalåm-tevlingar begge.
Under VM i alpine greiner 1996 kopierte ho prestasjonen i storslalåm frå forrige VM og tok ein ny bronsemedalje. Dei neste åra tok ho meisterskapsmedaljar i kombinasjonsgreina; fyrst OL-sølv i 1998, deretter VM-gull i St. Anton i 2001 og OL-bronse i 2002. I 2005 var ho med på Tysklands lag som vann lag-tevlinga i alpint-VM i Bormio. Både ho og den to år yngre broren Andreas Ertl var sentrale på laget, som saman med Hilde Gerg, Florian Eckert, Felix Neureuther og Monika Bergmann sikra tysk gull.
Både i 1996 og 1998 enda Ertl på andreplassen i verdscupen i alpine greiner, begge gongane måtte ho sjå seg slått av landskvinna Katja Seizinger. I begge dei to nemnde sesongane vann Ertl pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen i alpine greiner. Mellom 1994 og oktober 2003 sigra ho i 14 verdscuprenn i tre ulike øvingar. 57 gongar stod ho på sigerspallen.
Ertl vann 13 tyske skimeisterskap. Ho la opp i 2006.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Martina Ert-Renz» frå , den 20. november 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006