Erika Mahringer () var ein austerriksk alpinist frå Linz. Ho vann to bronsemedaljar under Vinter-OL 1948 og to sølvmedaljar under alpint-VM 1950.

Karriere Mahringer tok bronsemedaljen under OL 1948 i St. Moritz, 0,8 sekundar bakom vinnaren, Gretchen Fraser frå USA. Dert gode slalåmrennet bringa henne heilt opp på tredjeplass i kombinasjonen, ei øving der landskvinna Trude Beiser vann gullmedaljen.

I 1950 var Mahringer på sitt beste under verdsmeisterskapen i Aspen i USA. Ho starta meisterskapen med ein fjerdeplass i storslalåm, og heldt fram med å vinne sølvmedaljen i slalåm, eitt fattig tidels sekund bakom verdsmeisteren, hennar landskvinne Dagmar Rom. I det avsluttande utforrennet tok ho ein ny sølvmedalje, og på ny bak ei landskvinne, den gongen bakom Trude Jochum-Beiser.

Under vinterleikane 1952 i Oslo kom Mahringer som best på fjerdeplass i utfor. To år seinare vart endå ein fjerdeplass hennar beste plassering i VM i alpine greiner 1954 i Åre. Etter sjuandeplass i slalåm, åttandeplass i slalåm og tolvteplass i utfor, enda ho på fjerdeplassen i kombinasjonen.

Mahringer starta ein skiskule i 1954, saman med ektemaken, og året etter opna dei den fyrste skibarnehagen i verda. Ho var mor til alpinistane Uli Spieß og Nicola Spieß, som begge hevda seg på internasjonalt toppnivå.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erika Mahringer» frå , den 21. november 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952